av Arne Vetl´lin Lillelien, Leirdalen

Ei tverrpolitisk liste/parti kan med fordel ha eit slikt motto, vil eg meine.

(Men heng det ikkje opp i noko med Trump å gjera).

Eit slikt parti på tvers av moderpartier kan få med Bøverdalen, Garmo, Leirdalen, Runningein og alt, og også det sentrale i Lom sentrum (og da meiner eg ikkje Lom Sentrum som nå er namnet på ein busshaldeplass, — tidlegare Lom Rutebilstasjon), men da nettopp Lom med Fossbergom og kringliggjande herligheter. Lom sentrum må sjølvsagt høyra med, på lik linje med alle andre.

„Kva ville Lom ha vore utan Bøverdalen”, er eit munnhell eg har høyrt mang ein gong. Tja, — det er nå frå Bøverdalen det er gangvegar til Nord-Europas høgste fjell, Galdhøpiggen, da. I Leirdalen står Noregs Nasjonalmonument. Skal ikkje verta gløymde for slikt.

Ei tverrpolitisk liste/parti for å gjera felles innsats til gavn og glede for alle som bur i Lom, — i heile Lom Kommune, vel å merke, vil nok verta kjærkomen, om folka der er dei rette! For det er nå meiningslaust å stemme på parti, — AP, SP, osv som er i ferd med å underdana Noreg til utlandet.

Friskt i minnet har eg ein opplevelse frå då Bøverdalen Coop Prix vart høgtideleg opna i haust av Ordføraren i Lom med desse orda, — „Døkk må ´kje tru åss ha gløymt døkk”!

Ordna til med nyrestaurert butikk etter brannen, ja vel. Coop og styrarane der ordna vel det meste til det vil eg tru. Så Midtgard hadde det på huskelista si óg, — skulle berre mangle!

I same åndedrag fortalde Ordføraren at dei hadde ikkje gløymt oss den gongen om hausten da vegen vart stengd etter steinsprang ved Røisheim.

På ein pult i Lom låg det papirer som kunne bevitna at „åss” kunne ville kunne få starta opp skule i Bøverdalen om det vart langvarig, fortalde Ordføraren. „Døkk må  ´kje tru åss ha gløymt døkk, um d hadde vårå någå dågå te, så”!

Tenke det, ville det, kunne det, — men gjøre det med . . .

Det var fleire enn eg som som lurte på, — kven er „åss”, og kven er „døkk”?

Det var som om vi, bøverdølane, var ansette på lik linje med det dei i ein engelsk usjølvstendig koloni i India i gamle dagar, og som skulle med slikt prat verta beroliga og trøsta!?!

SP med sin partipolitikk frå Vedum & co gjennomsyrar det politiske vrangstyre for folk i bygd og by og som ikkje er gavneleg. På tide med noko lokalt, heilt lokalt for folk i bygd og landsby.

I det store og heile; – på tide med noko lokalt for Noreg!

Intervju med Fjuken; – „Vi er innstilt på å gjera ein god innsats for bygda, men har òg plukka oss ut viktige saker vi vil arbeide for nasjonalt,” svarar Øfeldt Marstein.

Å gå for det lokale er sjølvsagt, og sjølvsagt vil det da vera befriande for dei med sunn fornuft og forankring for nettopp det, utan å ha storpartiar som SP og AP hengjande over seg. AP og SP som med stor ihug er i ferd med å styre Noreg inn i ei ny 400-årsnatt med EU. Landsforræderi  for heile det norske folk inklusive urfolket samane, vil det skrivas inn i Noregs-soga som.

Storpolitikarar som ljuger og aldri gjer noko som folket er glade for, men berre gjer noko for seg sjølve, må ut av politikken. Ei tverrpolitisk liste i Lom, ja ei liste for eit parti som kan visa veg til audmjukheit, mangfold og trivsel for folket.

Gå inn for det lokale, og hald rettskaffande kurs til også det nasjonale. Aldri i dette århundre har det vore så lett duka for, ei heller naudturfande behov for, for det å med rette folk å få til eit 1814-parti med det som 1814 stødig kan stå for, Noregs Grunnlov, for folk og for vårt eige land! Ein stad må slikt byrja. I Lom?

Eg ynskjer lykke til!

PS. Eg er ikkje med på nemnde liste.