av Bjørn Ola Aukrust, ordførarkandidat Lom Ap

Landbruk er ikkje ei statisk næring der ting vert gjort på same måte uansett kor det er.

Vi må skille på det industrielle og vårt beite-baserte landbruk.

Når vi får utsleppstabellar som seier noko om utslepp frå landbruket så er ikkje dei korrekte i forhold til korleis vi har det her.

Vårt landbruk er berekraftig og Lom Arbeidarparti meiner at vi politikarane i Lom kommune må bevilge pengar til ein mastergrad-studie for å få belyst kor mykje det tradisjonelle landbruket i Lom sparar i Co2-avtrykk.

Beitebasert landbruk sparar Co2 på to måter. Utmarks-beiting tek vare på kulturlandskapet og fangar Co2 på ein unik måte, og det sparar mykje ved at dyra går ute på beite 3-4 månader og dermed sparar vi fôr desse periodane.

Kvifor skal vi bruke pengar på dette?

Fordi vi må få konkrete tal på kor positiv det tradisjonelle landbruket er.

Vi må vise omverden realiteten slik den er og vi få heilt andre tal som vi kan vise fram og som vi kan bruke inn mot sentrale politikarar for å påvirke når vi arbeider for eit beredskaps-landbruk.

Vårt landbruk er berekraft i praksis og er eit viktig bidrag inn mot å auke vår sjølvbergingsgrad.