På kommunestyremøte 27.oktober 2022 kjem det ei sak som omhandlar endring av skulestruktur i Vågå. Innstilling frå kommunedirektøren er at elevane ved Lalm skule vert overført til Vågåmo skule frå hausten 2023. Det betyr at heretter blir det ein barneskule i Vågå kommune og at siste grendaskulen er borte om innstillinga blir vedtatt.

Som medlem av kommunestyre er ein her med på å skrive historie. Har sjølv hatt tre ungar som elevar på Lalm som har hatt gode år der med triveleg læringsmiljø og eit fantastisk og unikt uteområde. Har gjennom desse åra opplevd fleire runder der ein kjempa for å oppretthalde grendaskulen.

Denne gongen er det einighet i alle 11 høyringsuttalelsar om at det no er tid for å flytte elevane til Vågåmo skule. Takk for gode og fornuftige uttalelsar frå alle berørte partar som kjem med konstruktive forslag til vegen vidare.

Saka var oppe i Hovudutvalet 11.oktober der ein gjekk samrøystes  inn for innstillinga til kommunedirektøren.

Sidan det er elevtal og ikkje økonomi som er bakgrunn for nedlegginga fremma Vågå SP eit tilleggspunkt der ein ynskjer å oppretthalde den totale budsjettramma for skulane i Vågå og nytte auka handlingsrom til å styrke skulen og oppvekstmiljøet. Samrøystes.

Om vedtaket blir nedlegging og grendaskulen blir borte på Lalm står bygda fortsatt sterkt samla og ein må bygge vidare på alle gode kvalitetar der. Barnehagen, samfunnshuset, butikken, musikkforeninga og andre lag og foreningar, idrettsanlegget med  nye klubbhus, fotball- og tennisbane, friidrett, discgolfbane, rulleski- og lysløype, curling og ishockey; dugnadsånda generelt. Jobbe vidare med alle gode forslag som kom i høyringsrunda, profilere bygda inkl ledige tomter og sjå på etterbruk av skulebygget som er eit punkt i innstillinga.

Har stor tru på at dette vil gå seg til for elevar, lærarar, foreldre og grenda ellers.