Av Edel Kveen, ordførar i Skjåk

I debatten om vidaregåande skule for framtida er det stort fokus på tal, demografiutvikling og behovet for kompetanse og arbeidskraft nå og i framtida. Det er lite fokus på mangfaldet og det inkluderande samfunnet.

Vi er eit samfunn med mange ulike faktorar å ta omsyn til. Men at det skal vera plass til alle, og at alle har ein verdi i seg sjølv er vel for lengst opplese og vedteke. Og det går bra med dei aller fleste. Dei aller fleste kan velje ein skule i akseptabel nærleik til barndomsheimen om det er ein viktig faktor. Og for dei som søkjer seg bort for å nå sitt fagfelt eller sin føretrekte skule, så viser statistikken at det går bra med dei aller fleste som bur på hybel.

Det er likevel grunn til å dvele litt ved dette, dei aller fleste som bur på hybel, har teke eit aktivt val på dette med sitt retningsval. Dersom avstandane til vidaregåande skule blir slik at mange ikkje har val, men må bu på hybel, vil forutsetningane endre seg.

Vi har ei stadig aukande utfordring med psykisk helse, og med rus. Dette er faktorar som må med i debatten om skule og framtidas behov for kompetanse og arbeidskraft. Vi har bruk for alle i arbeidslivet framover, da må vi som samfunn leggje til rette slik at kommunar og fylkeskommunar kan tilby eit godt opplæringstilbod til alle.

Som vernepleiar har eg sett fleire med samansette behov blomstre og utvikle seg i den vidaregåande skulen, saman med andre på sin alder, og med fokus på sine læringsmål.  Men felles for mange i denne gruppa, er at dei er sårbare for lang transport og/eller lange dagar. Dersom det vidaregåande skuletilbodet skulle bli enda meir sentralisert, kva da med dei som ikkje vil evne dei lange avstandane på grunn av helsemessige årsaker? Lovverket gjev rett på skuleskyss og tilpassing, men avstand og tidsbruk blir faktisk ein faktor for ei sårbar gruppe. Lange reiser vil for ein del medføre ekstra ressursar til reisefølge, eit eller fleire personale. Det kan fort bli store utgifter med meir sentralisering. Grunnleggjande tilbod som skule treng vi der folk bur, og folk bur spreidd i det store Innland. Ta i det minste vare på dei skulane som leverer gode resultat både for dei med ordinært, og dei med tilrettelagt løp i den vidaregåande skulen.

Vi blir eit fattig samfunn om ikkje mangfald og inkludering også skal vera gjeldande for framtidig skuletilbod. Alle elevar er viktige, også dei med tilrettelagt opplæring og alternative læringsmål. La elevane få bruke kreftene sine på opplæring i gode skulemiljø med jamaldrande i den vidaregåande skulen, framfor timevis i buss eller segregerte tilbod i kvar enkelt kommune.

Med håp om at den vidaregåande opplæring skal ivareta eit likeverdig opplæringstilbod, der elevane og lærlingane blir inkludert og opplever meistring.