Av Maren Myrvold, Jakob Sagsletten, Mai Bakken, Svein Holen, Torunn Kveen, Ola Iver Røe, Bjørg Schultz - Vågå SV

Det er planlagt eit hyttefelt med inntil 70 høgstandard hytter i Jettlie i solsida over Vågåmo. Planen har skapt diskusjon. Facebook-gruppa Bevar Jettfjellet har nå nærare 900 medlemmar og arbeidsgruppa med same namn har hatt informasjonskveldar, utdeling av flygeblad og anna. Det er positivt med eit breitt engasjement for vern av natur i Vågå!

Endringa i kommuneplanen sin arealdel som opnar for hyttebygging i Jettlie skjedde attende i 2017. Som einaste parti stemte Vågå SV mot denne endringa. Ei ny høyring hausten 2021 forsterkar inntrykket av at dei negative konsekvensane er store. Innspela trekker fram beiteinteresser, Jettlie som friluftsområde nære sentrum, vern av gamle vassvegar og ikkje minst vern av urørt natur med eit rikt dyreliv. Vågå SV meiner difor framleis at planane i Jettlie må leggast bort i den endelege behandlinga i vår, og at i neste omgang må arealplan for Jettlie endrast attende til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

Belastninga på kommuneøkonomien av hyttebygging er negativ. Dette er vist blant anna av Telemarksforsking. Lokalt næringsliv derimot vil oppleve auka aktivitet, spesielt i ein utbyggingsfase. Men korleis skal aktiviteten haldast ved like? Bygge ut eit nytt hyttefelt? Vågå SV meiner at vi heller må ha ein berekraftig vekst utan å bygge ned meir natur, og utan at klimaavtrykket aukar. For det er ingen tvil om at hyttebygging gir auka klimagassutslepp frå bygging, reising og auka energiforbruk.

Vågå har store og ledige areal avsett til hyttebygging, og dei siste åra har det kome hyttefelt i Sjodalen og ved Lemonsjøen. Dette har skjedd utan ein heilskapleg plan. Vågå SV meiner at Vågå kommune må utarbeide ein heilskapleg plan der ein vernar urørt natur og heller utviklar eksisterande hytteområde. Nettopp natur utan inngrep kan vise seg å bli ein verdifull ressurs for Vågå.