Nok ein gong er det konkrete planar om å byggje hus på den beste matjorda nær sentrum. På Kulihaugen har det vore dyrka mat til folk og husdyr i hundrevis av år eller kanskje sidan vikingetida for alt eg veit. Korleis blir verdien av matproduksjon i nye 1000 år vurdert opp mot bustader? Sjølv om det for ein del år sidan vart gjort vedtak om ar det kunne byggjast her, må ein sjå dette i lys av verda i dag og  kva som er best for framtida med det vi nå veit.

Norge har ca 1,4 daa dyrka mark til disposisjon pr innbyggjar. Vi importerer 60% av energien vi treng til oss sjølv og husdyra våre. Likevel byggjer vi ned fleire tusen dekar årleg under ei regjering som har mål om at landbruket skal auke sjølvbergingsgraden med 25% innan 2030, kombinert med ein landbrukspolitikk som har ført til stadig færre bønder. Det er risikosport å satse på at vi i tida som kjem skal basere oss på at folk i andre land vil produsere maten for oss. India, som står for 40% av all riseksport i verda har innført eksportforbod av ris som følgje av sviktande avlingar. Med aukande folketal og klare signal om reduserte avlingar som følge av klimaendringar, blir det feil å byggje hus på eit areal som kan produsere mat i all framtid. Det handlar også om å verdsetja og ta vare på ei næring som har vore ein hjørnestein i lokalsamfunnet så lenge det har budd folk her.

Det har kome til eit punkt der vi ikkje lenger har råd til å byggje ned den jorda som skal brødfø oss. I Lom sentrum er det mange hus som blir brukt som fritidsbustad. I staden for å byggje ned nye areal bør kommunen innføre nullkonsesjon, sjå moglegheitene i dei husa vi har og areala som allereie er nedbygd.

Lom fekk positiv merksemd ved å våge å si nei til hyttefelt på Tesse. Å lage hus, veg og plen på dyrka mark vil også bli lagt merke til, men med motsett forteikn. Eg trur vi vil tene på å vera prinsipielle og våge å tenkje langsiktig. Å vise at vi er bevisste på å ta vare på naturen og kulturlandskapet rundt oss trur eg også vil vera god marknadsføring av Lom både som reisemål og ein stad å bu.

Det står mykje bra i partiprogramma til dei som nå skal inn i kommunestyret om kor viktig det er å ta vare på landbruket som næring. Håpar dette nå blir synleggjort. Dei som kjem etter oss treng at vi lar Kulihaugen vera som den er. Eit areal for verdiskaping og aktiv bruk i verdas viktigaste næring, berekraftig matproduksjon.