Utan tydeleg tale og konkrete, målretta tiltak blir demokratiet utydeleg og gror att. Vågå SV har ikkje lodne formuleringar i partiprogrammet, og vi lyftar den offentlege debatten og kunnskapen om viktige tema i Vågåpolitikken. Det gjer vi m.a. med å arrangere Frampålag, der alle sjølvsagt er velkomne til å vera med.

Vi vil stoppe raseringa av naturen og bevare Jettlia som beite- og friluftsområde. Vi er like tydelege på å ikkje øydeleggje den verdifulle matjorda. Det betyr at Brustugujordet skal vera som i dag.

Vi vil styrke kompetansen på klima og natur, og enda ein gong foreslå at kommunen startar arbeidet med klimabudsjett og klimarekneskap.

Gratis skulemåltid var vårt forslag, og vi gav oss ikkje om vi vart stemt ned fyrste gongen. Nå vil vi halde fram arbeidet med å bli ein enda betre skule- og barnehageeigar.

Vågå kommune skal vera ein god og ryddig arbeidsgjevar. Eit sterkt SV er den beste garantisten for heile, faste stillingar og god grunnbemanning.

Turløype langs elvene våre og gangbru over Finna vil vi også ha. Det er eit folkehelsetiltak til nytte for alle, og brua vil knyte busetnad og bedrifter på båe sider tettare saman. Med andre ord eit godt påfunn som vil gjera Vågåmo til eit enda meir triveleg sentrum.

Fleire konkrete tiltak finn du i programmet vårt. Nå må du koma deg ned frå gjerdet og ta parti! Blir du heime, gror nemleg demokratiet att!