Kva har samferdsel å si for deg, tenkjer du kanskje? For mange har samferdsel alt å sei. Samferdsel er det som bind nord og sør, øst og vest, fjord og fjell, by og bygd saman. Samferdsel handlar ikkje berre om å flytte menneske frå A til B, men om så mykje meir. Det er livsviktig for næring og for liv i heile Noreg.

Trafikken oss har går for det meste på vegnettet rundt om i heile landet. I Hurdalsplattformen til dagens regjering står det at dei vil prioritere opprusting av vegnettet mellom nord og sør, øst og vest, og fjerne dei verste flaskehalsane på riks-, fylkes- og kommunevegar. Det er ikkje til å legge skjul på at det er langt i frå godt nok vegnett rundt om, og når det kjem til Nord-Gudbrandsdalen kan vi trekke fram to viktige vegar, E6 og riksveg 15. Desse er trafikkerte vegar, med mykje næringstransport på.

I desse dagar er det stor prat på rv.15 Skjåk-Stryn, og planlegginga er i full gang. Det står nå på om vegen kjem inn på Nasjonal transportplan (NTP). NTP skal sjåast på i 2024, eit år tidlegare enn det som eigentleg var planlagt. Vi må nå ha tru på at politikarane ser kor viktig denne vegen er, og kva manglar den har. Trafikken som går der er livsviktig for både folk og fe, og ikkje minst for næringslivet. Men vegen er langt i frå etter dagens standard når det kjem til tunellane. Dei er ikkje eigna for trafikken som går der. Dette er ein viktig veg mellom øst og vest, og vi må kjempe for at den blir prioritert når NTP skal takast opp.

Vegen mellom Skjåk og Stryn har ein variert mengde trafikk gjennom året, med mykje trafikk om sommaren og mindre om vinteren. Heile året er det ei viktig transportåre, men med rasfare som det er nå, kan dette by på store utfordingar på vinterstid.

Vi er redd for at utgiftene for å betre dette vil bli vurdert som store, med tanke på at trafikkgrunnlaget vinterstid er lågare enn om sommaren. Difor er det viktig å syne kvifor vi meiner politikarane må prioritere nye tunellar på rv.15 og at vi treng å få det realisert så fort som råd. Med store kostnader og lite trafikk deler av året, kan det virke som om ei oppgradering av rv. 15 er noko vi berre kan drøyme om, men vi må kjempe for det lell. Vi må ha ein forbindelse mellom øst og vest, og den skal kunne være både trygg, sikker og ha ein standard som kan tole dagens trafikk.

Det er nå det gjeld, vi treng ein oppgradering av rv. 15.