av Hallvard Helland, Oppland Bonde – og Småbrukarlag

Representantar for LO og NHO Innlandet, AP, Høgre tar til orde for ein skulestruktur som er rigga for framtida. Eg deler mange av tankane dykk målber. For å nå måla om berekraftig næringsliv, utdanning tilpassa det arbeidslivet etterspør og at flest mogleg fullfører utdanningsløpet og kjem ut i arbeid, er god skulestruktur viktig.

Første bod da vil vera at vi har eit vidaregåande tilbod i alle delar av fylket som sikrar at ungdommane våre kan ta ei vidaregåande utdanning der dei bur. Ikkje eit komplett tilbod, men eit utval. I Lom har vi studiespesialisering og bygg. Da har vi eit tilbod lokalt både for dei som ser for seg ei utdanning i akademisk og praktisk retning. Dette er og vil bli grunnleggjande kompetanse også i framtida. Da må ein fordele yrkesfagtilboda slik at vi i regionen totalt har eit breiast mogleg utval av dei yrkesfag samfunnet treng og behalde studiespesialisering på alle skular.

Ikkje alle 16-åringar er modne for å flytte på hybel. Eg meiner det må på plass eit minimumstilbod av internat ved skolane, slik at iallfall førsteårs elevar er garantert ein plass å bu med trygge rammevilkår. Det må også vera ei stipendordning som sikrar at det ikkje blir ei ekstra økonomisk belastning å ha ungar som bur på internat eller hybel kontra heime. Pr i dag dekkjer stipendet knapt nok hybel i mange tilfelle. Heimreiser og andre utgifter som kjem når du bur borte må dekkjast av sommararbeid eller foreldre. Dette må på plass.

Levande lokalsamfunn er samfunnsberedskap. Energi – og matproduksjon skjer i distrikta. Skal ein oppfylle gode visjonar i Hurdalsplattform og stortingsmeldingar om matsikkerheit og totalberedskap må vi ha levedyktige lokalsamfunn, der ressursane ligg. Utan skuletilbod vil færre finne det aktuelt å flytte heim og produsere mat (= overta ein gard), arbeide i kompetansekrevjande bedrifter eller frå lokale kontorfellesskap. Det blir færre som skal ha ungar i barnehage og grunnskule, færre som treng elektrikar og røyrleggjar. Kva er reiselivet i Norge utan levande lokalsamfunn? Lokale og stabile arbeidsplassar, store og små, er berekraft, beredskap og gode oppvekstvilkår for dei som kjem etter oss.

Vi kan ikkje sjå på skulen og skulebudsjettet som ein sektor isolert frå resten av samfunnet. Ei teoretisk berekna innsparing på fulle skuleklasser, basert på eit snevert utval av føresetnader, hjelp ikkje viss utgiftene med ungdom som kjem på sosialbudsjett aukar. Dei millionane som visst nok kan sparast blir fort borte som auka utgift eller redusert inntekt i andre budsjett.

Det blir feil å setje som grunnpremiss at ein god skule må ha eit minimum antal elevar som er umogleg å oppnå på skulane vi har i distrikt og dalføre. Små skular kan ha gode resultat både på karakter og fullføringsgrad. Problemet med at for få blir utdanna er ikkje først og fremst at skulane er fordelt slik dei er i dag. Det er at årskulla blir mindre og at for mange ikkje fullfører. For å snu dette må vi leggje til rette for at det er arbeidsplassar og trygge skulemiljø der folk bur. Det løyser vi ikkje ved å sende 15-åringar på hybel og sentralisere skuletilboda.