av Arne Vetllíen Lillelien

For fleire år sidan foregjekk det ein velkjent kampanje for at G35 skulle få leva, og som eit resultat av den kampanjen har Gudbrandsdalsost G35, grytekokt på Lom & Skjåk Ysteri, overlevd hittil.

Ein myte som også i viss grad har overlevd, er at det var den 16 år gamle budeia Anne Håv på Solbrå sæter på Vallsetren ved Gålå som fann opp denne Gudbrandsdalsosten, og som også fekk tillagt begrepet G35, der G står for geit. Altså geitemjølk tilsett i denne Gudbrandsdalsosten.

Men det var nettopp mangel på geitemjølk at den Gudbrandsdalsosten vart så velsmakande, og også kjent, slik Anne Håv fortel i eit interessant intervju på sin 80-årsdag (sjå illustrasjon).

G35 tilknytta Gudbrandsdalsosten, skriv seg nok frå andre hald.

Spanande vert det når ny grytekokt ost frå Lom & Skjåk Ysteri vert lansert om ikkje lenge.