av Barneombod Inga Bejer Engh

Trass i endring av regelverket og eit storstilt kompetanseløft på arbeidet med psykososialt skulemiljø, er det fleire elevar enn før som opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø.  No må styresmaktene ta nye grep.

Elevundersøkinga for 2022 viser at 10 prosent av elevar på 7. trinn opplever å ha vorte mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare. På 10. trinn svarer 7, 4 prosent det same. Dette viser at altfor mange elevar ikkje har det trygt og godt på skulen. At ein god del av mobbinga skjer digitalt og dermed godt skjult for vaksne, gjer utfordringa ekstra alvorleg.

Tal frå Statsforvaltarane viser ein kraftig auke i talet på klagesaker på skulemiljø, og underbyggjer dermed dette. Mobbeomboda rapporterer også om rekordmange førespurnader, og melder om at mange av sakene er alvorlege og komplekse.

Barn og unge som blir utsett for mobbing fortel om alvorlege krenkingar. Det å bli haldne utanfor er så vondt at mange veljar å ikkje fortelja det til foreldra sine. Forsking viser også at langtidsverknadene for dei som har vorte mobba over tid kan vera svært alvorlege, både i form av tapt læring og sosial fungering.

Barn tilbringar mykje av tida si på skulen. Derfor er retten til å ha det trygt og godt på skulen viktig. Langvarig skulefråvær er for mange elevar ein konsekvens av å ha vorte utsett for mobbing. Det finst førebels ikkje tal på kor mange elevar dette dreier seg om, men det synest å vera eit aukande tal. For desse elevane kan konsekvensen av eit utrygt skulemiljø bli at dei ikkje får oppfylt sin grunnlovfesta rett til utdanning. Dette er uakseptabelt.

Dei seinare åra har det blitt forska mykje på anti-mobbearbeid på skulen. Det har resultert i stor innsikt i kva som er effektive tiltak for å få bukt med mobbing og byggja trygge miljø. Det kan synast som om denne kunnskapen i for liten grad når ut til skulane og dei som skal omsetja dette i praksis. Det kan ikkje vera valfritt å nytta kunnskapsbaserte tiltak. Kommunane og skulane må sikra ei betre implementering av dei tiltaka som verkar. Noko av det som må løftast, er å aktivt nytta den kunnskapen og dei erfaringane elevane sjølv har, gjennom å la dei få medverka i arbeidet med å byggja trygge skulemiljø.

Det store talet elevar som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan derfor tyda på at noko sviktar i det førebyggjande arbeidet til skulane og handteringa av mobbesaker. Det har gått fem år sidan den ny lova og klageordninga for skulemiljøet til elevane kom på plass. Kunnskapsdepartementet må evaluera kva erfaringar Statsforvaltarane har frå tilsyna og klagesakene sine, slik at alle kommunar og skular kan ta lærdom av dette i det daglege arbeidet sitt.

Den digitale kvardagen har vorte ein naturleg del av livet til barn og unge. Det har også gjort digital mobbing til eit stadig større problem. Men me må vita meir enn kor mange som blir mobba digitalt. Barneombodet har derfor spelt inn til regjeringa at dette er eit område det må forskast meir på, slik at skulane kan setja inn kunnskapsbaserte tiltak.

Det er uakseptabelt at tusenvis av norske skulebarn kvar dag skal oppleva å bli mobba. Mobbing er eit samfunnsproblem, og kan ikkje berre nedkjempast på skulen. Mykje av det førebyggjande arbeidet mot mobbing går føre seg i familien. Ei oppmoding til alle foreldre med barn i skulen er derfor å bidra aktivt i arbeidet til skulen mot mobbing. Tenk inkludering, snakk positivt om andre barn og ver ein tydeleg vaksen.