Av Vårin Dagsgard-Marstein og Lomslista

I går hadde det nye kommunestyret i Lom konstituerande møte. Eit svært likestilt og blanda kommunestyre på dei aller fleste punkt. Særleg synleg var det etter valresultatet og personstemmene var telt, at vi for fyrste gong hadde eit så likestilt kommunestyre som mogleg.

Åtte menn og ni kvinner.

Veljarane i Lom må altså ha ynskt eit likestilt kommunestyre. Eit kommunestyre med mange flinke kvinner og menn.

På tross av at vi har med mange flinke kvinner, fekk valet av formannskap eit veldig trist resultat. Annankvar kar er representert i formannskapet, men berre ei av ni kvinner.

Korleis er dette mogleg? Jau, det går fint an å sno seg om kjønnskvotereglane dersom ein ynskjer det. Ber ein om forhaldtalsval er det berre krav om at listene kvart parti leverer oppfyller kjønnskvota. Det treng ikkje det resulterande formannskapet å gjere. Synd.

Kven si skuld er det?

Vi visste alle, sjølv før valet, at dette kom til å bli ei utfordring.

Fire av fem mannlege listetoppar. Det er vanleg at ordførarkandidaten til dei respektive partia får plass inn i formannskapet. Det er altså ikkje nødvendigvis karane sjølve si skuld, berre fordi dei har takka ja til å vere ordførarkandidat.

Heller ikkje er det kvinnene si skuld fordi dei ikkje “tæ ve”. Det må vera heilt lov å ikkje ynskje, eller ha overskot til å inn i formannskapet og/eller toppe ei liste. Likevel må vi bli flinkare til å seie ja og ikkje vera “lite for oss”. Vi må tore å både ynskje oss, og ta maktposisjonar.

Eg meiner at resultatet av formannskapsvalet i går ikkje var nokon enkeltperson, eller noko enkeltparti si skuld. Det var nok heller ein følgjefeil etter resultatet av nominasjonsprosessane til samlege parti, utan at det er nokon enkelt nominasjonskomité si skuld heller.

Skamfullt er resultatet vi såg i formannskapsvalet i går uansett, og på ingen måte bra for omdømmet vårt.

Alle veit at nominasjonsarbeidet til neste val byrjar att rett etter valet, så: Eg håpar at samlege nominasjonskomitéar tek oppmodinga frå meg om å leggje inn ein ekstra innsats for å prøve å få fleire kvinnelege listetoppar til neste kommuneval i Lom.