Av Reidun Øvre Øygard, regionrådsleiar Øst, Stiftelsen Norsk Luftambulanse

Når nokon plutseleg blir alvorleg sjuke eller skada, kan den første personen på staden vera avgjerande. Mange av oss er usikre på korleis vi skal handtere slike situasjonar. Ei fersk undersøking viser at over 50 prosent av unge i alderen 15 til 25 år fryktar å kome som den første til ei ulykke. Den same gruppa fortel også at det er meir enn to år sidan dei hadde opplæring i hjarte- og lungeredning.

Vårt bodskap til deg som er usikker er enkelt: Er du redd for at liv eller helse er i akutt fare? Ikkje vent og sjå – ring 113! Når du ringer 113 kjem du i kontakt med dedikerte fagfolk som vil rettleie deg om kva du skal gjere medan du ventar på at hjelpen kjem.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse arrangerer årleg Akuttaksjonen for å auke befolkninga si merksemd om å varsle naudetatane tidleg. Naudetatane er avhengige av at vi ikkje nøler med å ringe 113 i akutte situasjonar, slik at den riktige hjelpen kjem fram så raskt som mogleg.

Takk til deg som ringer 113 når det verkeleg gjeld. Takk til deg som støttar Stiftelsen Norsk Luftambulanse sitt arbeid med å finne nye og betre løysingar for rettare og raskare hjelp til dei som treng det mest. Og ein stor takk til alle som jobbar i rednings- og helsetenestane, og som kvar dag jobbar for å redde liv. De utgjer alle ein uvurderleg skilnad.