Kristen Haugen Dagsgard, varaordførar Skjåk Senterparti

Som kjent går det fort til nye kommune- og fylkesstyre skal veljast inn i det ganske land. Også i Skjåk har valkampen fått fart på seg den siste tida, og ikkje overraskande har enkeltparti konsentrert seg om eigarstrukturen i Skjåk Energi og næringsarealet i Øyberget som flaggsaker i denne valkampen. Skjåk Energi AS har sidan 2021 bestått av 4 ulike selskap. Det er Skjåk Vasskraft som gjev Skjåk kommune som eigar den årlege kraftinntekta. Dersom enkelte har hatt oppfatning av at Senterpartiet eller andre har planer om å sjå på eigarstrukturen i dette selskapet, kan vi trygt seie at det aldri har vore tema. Punktum! Kven stiller som folkevald for å gjeve slepp på arvesylvet til Skjåk kommune? Der i mot er det ein prosess rundt nettselskapet SkiakerNett som er blant dei mindre nettselskapa i Noreg. Pr. i dag er vi kjende med at dette selskapet står seg godt. Samstundes er vi kjende med at det kan blir meir utfordrande for mindre nettselskap å stå på eigne føt. Prosessen inneber derfor at ein ser i glaskula etter beste evne og vurderer kva som blir til det beste for Skjåk Energi og Skjåksamfunnet framover. Dette er sjølvsagt ei viktig sak, men etter mitt skjønn står vi over for større utfordringar som det er vel å setje fokus på i valkampen.

Demografiutvikling og sterke samfunnskrefter på avvege ser eg på som svært utfordrande for Skjåksamfunnet. På 16- og 1700-talet rådde opplysningstida i Europa. Folk fekk blant anna trua på framsteg, vitskap og fornuft. Det siste halvåret har vi fylgd mangfaldige debattar om energiforvaltning, klimapolitikk og ressursnytting. Hamarordføraren jublar for at ein prosent av krafttilgangen i Noreg skal brukast til å ta i vare data for Tiktok. Ein totalt meiningslaus samfunnsfunksjon. Motkulturar jublar for kvar ei fjosdør som får kroken på og slakteriet ei mengde raudt kjøt mindre levert. I Skjåk skal vi altså produsere 100 % rein kraft for å lagre videoar for tidsfordriv på Hamar. Utmarka skal brukast til å fø jerven og tilfredsstille Miljødirektoratet, eventuelt nyttast til hytteområde så store at grunnvassreservoara blir tømde. Hit skal det sjølvsagt byggjast 4-felts motorveg til 200 000 kr/m.

Eg er sikkert av den bakstreverske typen, men akkurat no føler eg at dei sterke samfunnskreftene er totalt på avvege og at ei ny opplysningstid trengs nært foreståande. Noreg går mot eit kraftunderskot i 2027 og den norske sjølvforsyningsgraden er rekna til under 50 %. Som lokalpolitikarar avgrensar det seg sjølvsagt kor mykje vi får gjort med dette, men det blir svært viktig at vi står opp for landbruket og fornuftig ressursnytting elles som best vi kan. Vinteren 2023 publiserte Regjeringa stortingsmeldinga «Meir av alt raskare». Denne omhandlar rett nok energisektoren, men det er slik samfunnet har vorte over heile fjøla. Vi skal ha meir av alt, raskare. Korleis vi da skal klare å nå ulike klima- og miljømål blir for meg eit stort spørsmål. Å klandre det norske landbruket, som vi ofte ser i media, er i så fall etter mitt skjønn den dårlegaste løysinga.

Eg ser fram til å vera ein del av laget som skal gjennomføre Skjåk Senterparti sitt valprogram i perioden 2023 – 2027. Vi har sett i gong mange prosessar i inneverande valperiode som det blir spennande å fylgje vidare. Blant anna renovering av Skjåkhallen, flaumsikringa av Bismoen, meir målretta arbeid for born og unge, samt ulike strategiar for næringsutvikling, omdøme, helse, klima- og miljø. Det er mykje å ta tak i, men bulyst, samfunnsutvikling, nye barnehagefasilitetar som prioritert investering, målretta klima- og miljøarbeid er fanesakene våre. Samfunnsutvikling og bulyst blir etter mitt skjønn den viktigaste saken å arbeide vidare med. For å lykkast må vi ha gode politiske prosessar og at bygda dreg mest mogleg i den same retninga.

Godt val!