Blå røyk løyser seg sakte opp i iskald vinterluft. Vel halvparten av bilane utanfor kjøpesenteret går på tomgang medan sjåføren er innom som snøggast og kjøper mat til neste vekes forbruk.

På temperaturkartet til meteorologen kvelden før kunne eg nesten sjå at det stig blå eksos frå parkeringsplassane over heile vårt vidstrekte land denne dagen. Men gjer det noko at bilar går på tomgang på norske parkeringdsplassar om vinteren, da? Dette blir jo knapt som eit musepiss i havet mot Kina som set i drift nye kolkraftverk kvar veke, kan du innvende.

Men bensinen eller dieselen som går med til å drive bilen din til butikken eller halde han varm er fossil energi som har kvilt djupt og ufarleg nede i jordskorpa i 150 millionar år. Det er DU som brenner han om til CO2-gass som fordelar seg oppe i lufthavet og som blir med på å halde sol-energien att og auke temperaturen på jorda vår.

Du er ikkje einsleg. Bilar går på tomgang i Sverige og Finland, i det nordlege Russland og i Canada og USA. Og den blå røyken over parkeringsplassen er ikkje eingong det verste vi gjer, han er berre eit skræmande teikn på korleis vi alle tenkjer.

For Deg betyr det 10 grader varmare i bilen når du set deg inn att etter handelen, for menneske etter oss på jorda er det eit av millionar små bidrag til ein varmare planet med fleire uvêr...