Av Magnus Bø, ordførarkandidat Lom Sp

Du er antakeleg borti eit samvirke i ein eller annan form kvar dag. Enten er handlevogna di merka med logoen til eit samvirke, eller så er det noko i den handlevogna som er produsert av eit samvirke. Kanskje er vinen du har til maten frå eit samvirke? Mjølka du drikk eller kjøttdeigen du bruker i middagen er kanskje laga av samvirke? Om ikkje så er det eit samvirke eit sted i næringskjeda produkta du er borti kvar dag.

International Cooperative Alliance definerer eit samvirke slik: «Et samvirkeforetak er en selvstendig sammenslutning av personer som frivillig har sluttet seg sammen for å møte felles økonomiske, sosiale eller kulturelle behov og ønsker gjennom en demokratisk styrt virksomhet som de eier i fellesskap.»

FN skriv sjølve på sine nettsider at «samvirkebevegelsen er blitt anerkjent som en tydelig og viktig aktør i både nasjonale og internasjonale anliggender.»

Samvirka er ein viktig del av næringskjeda for små lokalsamfunn. Samvirka skal spele ei viktig rolle for å halde makt og kapital nær vanlege folk. Dei skal være med og sikre at verdiskapinga blir att i dei lokalsamfunna kor verdiane er skapt. Dette har vore baktanken bak dei fleste samvirkeforetak sidan ideen om det moderne kooperativ vart forma på midten av 1800-talet. Det kjem alltid til å være kreftar som ynskjer å dra samfunnet inn i ein enda meir liberalistisk retning, dette har dei ofte eigen interesse og økonomisk motivasjon av å gjera.

Noreg hadde ikkje vore det landet det er i dag utan sterke samvirke som har klare rollar for å blant anna være med og regulere marknadar. Vi må sikre at samvirka har verkemiddel til å gjennomføre den marknadsreguleringa. Som er med og sikrar at Noreg også i framtida skal ha levande lokalsamfunn over heile landet. Som sikrar at nordmenn fortsett skal kunne få sin del av verdiskapinga som dei er med og skaper.

Den 1. juli er utpeikt som den internasjonale dagen for kooperativer og samvirke av FN. I dag drikk eg mjølka mi med god samvit. For blant anna ved å drikke den mjølka er eg med og sikrar at det skal være eit levande næringsliv i kommunen min også i framtida.