«Alle trenger å høre til. Lag plass!» er årets slagord på Verdssdagen for psykisk helse den 10. oktober. Sosial støtte kan redde liv og styrke samfunn. Å kjenne at ein høyrer til er viktig for oss alle.

Sosialt arbeid byggjer på kor viktig det er med sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Kvar femte nordmann opplev diskriminering pga. sjukdom, kjønn, alder, opphav eller seksuell identitet. Er ikkje arbeidslivet, skulen, idrettslaget eller nabolaget for alle? Når foreldra har innboksen full av inkassokrav; er det reelt mogleg for ungen å delta på line med jamnaldrande?

Stadig fleire har få eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg. Å gera noko saman med andre motvirkar einsemd, utanforskap og psykiske påkjenningar. Vi blir ikkje automatisk mindre einsame av å møtast, om vi ikkje blir ynskt velkomne. Når du inviterar til bords, til møtet, til klubben eller turgruppa; korleis får du dei hine til å kjenne seg ynskt i fellesskapet? Kven inviterar du inn, og korleis pratar de til og om kvarandre? Får alle rom til å prate om det dei interesserar seg for?

FO er fagforeininga for sosialarbeidarar. FO godtek at ikkje arbeidssøkjarar som er opne om psykiske vanskar får 27% færre innkallingar til jobbintervju enn andre søkjarar som har lik utdanning og erfaring. Vi er bekymra for at mange arbeidsgjevarar vegrar seg for å tilseta folk med funksjonshindre. Alle har perioder der vi strevar i løpet av eit yrkesliv. Det skal det vera rom for. Korleis omtalar de den som er sjuk eller treng tilrettelegging der du arbeider? Er det trygt å vera seg sjølv på arbeidsplassen?

Sosionomar, barnevernspedagogar, vernepleiarar og velferdsvitere kjempar mot diskriminering med ei sosialfaglig tilnærming. Sosialarbeidarar jobbar ut frå at alle menneskje har like stor ibuande verdi, og at dei skal ha like rettar og moglegheiter til deltaking, sjølvstende og å høyre til. Vi veit kva som skaper og opprettheld sosiale problem, men vi veit og korleis ein forebyggjer og løyser dei. FO Innlandet jobbar på alle nivå for at alle skal få høyre til: Vi påvirkar som fagforeining, som profesjonsutøvarar og ved å drive politisk påvirkningsarbeid.

Medlemmane våre kan avhjelpe mangelen på sjukepleiarar, og auke kapasiteten i psykisk helse. «FO mener psykisk helsefeltet er avhengig av en skikkelig satsning på sosialfagene», sa FOs nestleiar Marianne Solberg da ekspertgruppa la fram rapporten om organisering av psykisk helsevern.

Auka fokus på individuell behandling i rus og psykisk helse kan svekke innsikta i at strukturelle og sosiale sammenhenger påverkar folkehelsa. Helsetenestene må ha plass til fleire; plass for tverrfagleg arbeid. Sosiale problem krev sosialfaglige løysinngar. Sosialfagleg kompetanse gjev ei kunnskapsbasert tilnærming til å jobbe for betre levekår, sosial og økonomisk tryggleik, og at det blir råd for den enkelte å leva og bu sjølvstendig.

«Demokratiet vårt begynner her: Med tilliten til at vi vil hverandre vel. At vi arbeider for et felles beste, som favner flest mulig. Og med evne til innlevelse i andre menneskers liv, som har det annerledes enn oss selv. For å få til dette, må alle oppleve å bli lyttet til.» HMK Harald nyttårstale 2022

Markér Verdsdagen, og minn kvarandre på gevinsten av sosial inkludering. Bruk den 10. oktober til å spørje ein nyvald politikar om korleis dei vil bidra til at fleire møteplassar i Ottadalen blir meir inkluderande.

Stå opp for tryggleik!