Er det å være politikar ei utdøande rase eller kjem unge og vaksne til å velja å engasjere seg og kjempe for det dei meinar er rett?

Det er mange som har noko å sei på korleis ting er gjort og korleis ting blir gjort når det kjem til politisk styring, men det er fåtalet som kjempar vegen fram for endring og begynner i politikken.

Vil det fortsette vere motlaust å kjempe når partiboka seier ein ting men folket som styrar gjer noko anna?

Eg har sjølv vald å tru på at ein skal kjempe for det ein har tru på og det kjem eg ikkje til å slutte med. Verdiar i landet vårt er for viktige til å overlate til tilfeldighetane. Nordmenn er ikkje ei svak rase og vi må heller ikkje vere det når det kjem til politikk.

Politikken handlar om korleis ting skal vere styrt og korleis ting skal bli. Vi treng å sikre framtida vår og det gjeld på så mange områder. Det kan være motlaust å sjå på alt som ikkje er bra, men det blir heller ikkje betre viss ein ikkje kjempar og engasjerar seg.

Vi må kjempe for at vi trygt kan gå framtida i møte. Det gjeld mat, trygghet og ein beredskap vi kan stole på. Tjeneste nær deg, uansett kvar i landet du bur. Ein nærbutikk å væra stolt av å bruke. Ein skule og barnehage som er fyllt med ungar som skal vekse opp og forsett vere stolt og trygg av å bu der ein bur, uansett kvar i landet.