I innlegget mitt i Fjuken frå 10. oktober gjekk eg langt i å antyde at Krefter AS eigentleg planlegg utvinning av digital valuta, og at dei ikkje er sannferdige når forsikrar Vågå kommune om at dei skal drive med datalagring og AI (kunstig intelligens) på Lalm. Her skal dykk få sjå kvifor eg meiner det, men les det førre innlegget mitt fyrst om du ikkje alt har gjort det. Da blir det lettare henge med her og der grunngjev eg kvifor utvinning av digital valuta bør være uønskt i Norddalen.

I Fjuken-artikkelen frå 30. september som heiter «Ordføraren til Krefter AS: – Eg forventar at vi ikkje vil sjå produksjon av digital valuta» har journalist Arve Danielsen vore på Otta og teke eit høgoppløyseleg bilete av ustyrskonteinarane som Krefter AS skulle setje opp på Fluguhaugen. Alle konteinarane har sladda namnet bortsett frå dei lengst til venstre som eg har forstørra:

Figur 1 Bilete frå Arve Danielsens artikkel frå 30. september med utheva namn på leverandør. Foto: Skjermdump

Vi kan lese av produktnamnet «Module Box» frå konteineren. Det finst altfor mange ulike produkt som heiter akkurat det til at Google gjer meg klokare, men Google foreslår sjølv å legge til «mining» (graving) bak søket mitt da dette tydelegvis er ein populær kombinasjon. Da får eg resultat og finn rett leverandør på https://www.module-box.com med ein gong. Det er ikkje tvil om at eg er på rett plass når bileta på heimesida rullar over skjermen:

Figur 2 - Module box konteineren for supercomputing. Foto: Skjermdump frå Module-box.com, teke 11.10.2022

Det er tydeleg at konteineren på bilete ovanfor er akkurat den same som dei Danielsen har avbilda. På heimesida deira står det at selskapet som lagar dei held til i Henshui City i Hebei provinsen i Kina. Videre står det at dei leverer sentre for supercomputing, men det kan være så mangt. Vi har supercomputer på NTNU også, tidlegare vart dei brukte til å rekne på ulike vêr-scenario for å komme fram til det mest sannsynlege utfallet som deretter vart rapportert på TV. No brukas dei til å rekne på fysikkeksperiment som ingen forstår noko av. Uansett, det står ikkje rett fram på heimesida til Module Box kva formål konteinarane har, men vi finn mykje nyttig info: Eg finn spesielt samanlikninga med andre konteiner-leverandørar interessant som innleier med overskrifta «Module Box Let Hash Rate Increasing». Noko tvilsam engelsk kanskje, men omgrepet «Hash rate» er interessant fordi det er eit mål på beregningskraften i eit kryptovalutanettverk. Videre i samanlikninga finn vi at produktet er 100% påliteleg og treng lite til inga vedlikehald i 700 dagar.  Utbyting av komponentar sørgjer tilsynelatande leverandøren også for sjølve, så ingen lokale arbeidsplassar og hente på vedlikehald der altså.

Når eg leitar videre på sida finn eg at konteineren på biletet brukar vasskjøling, noko som passar godt med at Krefter AS ynskjer tilgang på vatn til kjøling. På same side finn eg at kvar konteiner har ein maksimal totaleffekt på 1,5 megawatt.  Eg teller 27 konteinere på Danielsen sitt bilete ovanfor og det blir eit totalt effektbehov på 40,5 mW ved full drift. Når Krefer AS seier at dei treng 100 mW og heilt opp til 200 mW, kan vi altså sjå for oss at det skal stablast 133 slike konteinere i bygget på Lalm! Og alt er Plug & Play skriv Module Box på heimesida: “When the container arrived, it can start work after connecting the power supply and WiFi.”.  Merk at dei treng berre WiFi, altså trådlaust internett-tilkopling, for å fungere. Ikkje noko behov for rask fiber eller fleire tilkoplingar for at ein skal få fart i desse. Men det er tydelegvis ikkje Plug & Play å vassavkjøle alle desse 133 på ein gang, her lyt det møysommeleg stablast for at røyrleggaren kjem til.

Om du forsett tvilar på formålet med konteinarane på Otta så skriv Module Box det sjølve på Facebook-sida si:

Figur 3 - Skjermdump frå Facebook-sida åt Module Box teke 11.10.2022

På bilete ovanfor kjenner vi på nytt att konteineren som levnar liten tvil om at vi er oss på rett plass. Sida er sist oppdatert den 1. juli så denne er i høgaste grad i live. Under Om meg står det (oversett av artikkelforfattar): «Store og små BTC/ETH smarte gravebokser (tilkoblet, plug and play) fullt sertifisert og støttet». BTC står for Bitcoin og ETH står for Etherum, begge er dei eksemplar på digital valuta og dette handlar ikkje om datalagring og kunstig intelligens.

Berre for å ikkje være altfor bombastisk så viste eg biletet frå Otta til kollegaen min på NTNU som har doktorgrad i maskinlæring og kunstig intelligens (AI). Han sa at dette absolutt ikkje er utstyr for å drive med AI slik som Krefter AS hevder. Ei moderne AI maskin er ikkje stor på størrelse, men ho kan fort koste opp i millionklassa. Berre ein av konteinerane på Otta kan fort romme titals AI-maskiner og den maskina han viste meg brukar maks 6,5 kilowatt. Sjølv med mange AI-maskinar er det langt unna megawattane til Krefter AS. Eg har og høyrd det sagt at konteinarane på Otta er tomme. Da vil eg seie at det var bortkasta å importere dei heilt frå Kinesisk produsent, for tomme konteiner kunne dei kjøpt i Norge.

«Andetesten» seier at viss noko ser ut som ei and, symjar som ei and, kvekker som ei and, og skriv på Facebook-sida si at ho er ei and,  så er det høgst truleg ei and. Og med det overlèt eg det til deg å vurdere kva for utstyr som står på Otta og kva for planar Krefter AS har på Lalm.