Kven som sitt i kommunestyre er opp til deg som veljar å bestemme. Her på bygda kanskje i langt større grad enn i byen. Med 3549 innbyggjarar er sjansen stor for at du kjenner til fleire av dei som står på liste for dei ulike partia ved kommunevalet. Det er du som kan stemme, krysse og skrive på «gubbar» eller andre kandidatar.

«Gubbekulturen» i Vågå har vore kommentert ved fleire anledningar. Då eg budde i Trondheim kjende eg at det irriterte meg. Som stolt vagvær kjende eg meg ikkje att i det som var skreve, for eg visste at i Vågå budde det mykje dyktige damer. Etter at eg fløtte heim har eg likevel måtte anerkjenne at kritikarane hadde rett i eit og anna. Damer utgjer nesten 50% av Vågå si befolkning. Partia stilte jamt over med 50/50 på listene sine ved sist val. Likevel er  5 av 17 i kommunestyret damer. Kva er årsaka? Sannsynlegvis samansett. Likevel trur eg det er noko med haldninga vår til damer. Når eg har fortalt om listeplassen min har nesten alle respondert med «har du tid til det da? kva med ungane?» Ungane mine kjem alltid til å væra min prioritet nr 1, men dei har også ein far. Dei lir ikkje meir nød av at eg er på møte enn at han er på aktivitetar utanom huset. Vidare kunne vi sjølvsagt diskutert møtekulturen som er tilpassa «middagbikken» og ikkje leggetider til småbarn, men det er ikkje hovudpoenget mitt her.

Poenget mitt er det finst mange gode politikare i kommunen vår, både nye og erfarne, og vi må heie på dei! Eg er glad for å stå på liste med det enkelte vil kalle «gamle gubbar». Dette er dyktige folk som gjev mykje for bygda si. Likevel treng vi også at yngre kjem inn og vi treng begge kjønn! Eg vil ikkje inn i kommunestyret fordi eg er dame, men eg vil da heller ikkje miste plassen min fordi eg ikkje er mann! Så når du går til stemmeurna håpar eg du nyttar moglegheita til å krysse ei ekstra stemme på ein person du trur vil prate di sak, vær litt dristig og vel nokon annan enn mann 50+(slapp av, dei får nok stemmer likevel). Sleng gjerne med eit namn frå ei anna liste også om du trur vedkommande vil gjere ein god jobb. Nytt stemmeretten din fullt ut. Godt val!