Vi på tverrpolitisk liste har fått ein del spørsmål om kva som ligg i vårt programforslag der vi skriv at vi vil ha ein eigen jordbrukssjef. Dette treng nok både ei forklaring og avklaring.

Det vart i 2018 inngått ei såkalla vertskommuneavtale med Skjåk der Lom kommune betaler ein viss sum for tenester frå det som vart kalla felles landbrukskontoret, men som ligg i Skjåk. Vi kjøper tenester – da er det viktig å sjå til av vi får levert det vi betaler for.

Vi må poengtere at vi er bra tilfreds med denne avtalen når det gjeld rådgjeving til gardbrukarane.  Når det gjeld den delen av avtalen som går på sakshandsaming i lovsaker så er vi ikkje like tilfreds. I slike tilfelle meiner vi det er viktig å ta opp ting gjennom drøftingar med Skjåk, for å søke å få til endringar som vi kan akseptere.

Det er nå slik at dei tilsette på landbrukskontoret er tilsette i Skjåk kommune og er organisert under kommunedirektøren i Skjåk. Når vi som politikarar får ei sakshandsaming så er den ført i penn av ein tilsett som er organisert under kommunedirektøren i Skjåk, men innstillinga er det kommunedirektøren i Lom som står for. Dette er litt spesielt – særleg i lovsaker - og kan i enkelte tilfelle bli litt utfordrande.  I ei sak som enda som klagesak, vart det ein uryddig prosess, og der vi som politikarar måtte rydde opp.  Vi politikarane gjekk imot innstillinga frå kommunedirektøren, og i klagehandsaminga til statsforvaltaren fekk vi fullt medhald frå statsforvaltaren i vår tolking av lova. Men vi skulle gjerne vore fri for den saka. Og det er for å prøve å styre unna slike situasjonar vi meiner det er nødvendig med visse endringar.

Om vi etter valet i haust kjem i posisjon til det, så vil vi gå i drøftingar med Skjåk kommune for å prøve å få til visse endringar i nåverande avtale. Vi ser det som heilt nødvendig at ein av dei nåverande tilsette får status som jordbrukssjef i Lom, i ein viss stillingsprosent, og organisert under kommunedirektøren i Lom kommune. Det skal ligge til denne stillinga å ha sakshandsaminga i lovsakene i Lom.

Det er vi som politikarar som har det endelege ansvaret for at vi får vedtak i lovsakene som er i samsvar med regelverket i den enkelte lov. I om lag 70 – 80 % av sakene vi i samfunnsutvalet i Lom har handsama denne perioden har vi hatt ei anna tolking av lovene enn det sakshandsamaren har hatt. Vi må da sette oss ned og formulere eit vedtak som er i samsvar med det vi meiner er rett etter den enkelte lov. Dette er utfordrande.

Vi som står på tverrpolitisk liste vil gripe fatt i slike ting som vi her har skissert. Kulturen i Lom er gjerne den at det er det enklaste å la ting skure og gå. Det vil vi ikkje godta. Vi vil ha endringar, og det skal vi jobbe knallhardt for å få til!