Av Torunn Elise Kveen – kommunestyrerepresentant Vågå SV

Å endre standpunkt kan vera både klokt og modig, men nå er det også tid for å handle deretter. Vi har meir enn nok av hyttetomter i allereie opparbeidde felt.

Vedtaket i kommunestyret i 2017 har skuggelagt Jettlie sidan SV sin eine representant vart ståande åleine mot fleirtalet – hytteområde skulle inn i arealplanen. Tida for å ta hol på nye naturområde for bygging av fritidsbustader bør vera forbi, også i Vågå. På bakgrunn av signal frå Senterpartiet frå ei tid attende, og nå også frå Ap i valgkampen, har Vågå SV håp om at det kan bli fleirtal for å stoppe planane.

Betydninga av å endre klimapolitikken og å ta vare på natur, beiteområde og rekreasjonsområde har vakse fram og vorte meir og meir viktig for dei fleste av oss dei siste åra. Det er gledeleg å sjå at fleire nå er komne etter over åsane og deler synspunkta våre på dette.

Innsatsen frå "Bevar Jettfjellet – ei urørt perle" er, og har vore, svært viktig. Med grundig kunnskap om området, saklege argument og stort engasjement, har arbeidsgruppa greidd å vekkje interesse og skape oppslutnad om saka. Dei politiske vårteikna som nå viser seg, bør vera inspirasjon til å tru at planarbeidet kan leggjast bort ein gong for alle, og at arealet blir ført attende som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

Denne saka kan og vera ei påminning om kor viktig det er at flest mogleg politiske oppfatningar er representerte i kommunestyret. Vi håpar, uansett korleis valgresultatet i Vågå blir til hausten, at ikkje noko parti får fleirtal åleine. Ingen er tent med at kommunestyret skal gjera vedtaka sine etter at sakene eigentleg er avgjorde på bakrommet, eller i medlemsmøtet til eitt parti åleine.

Med bakgrunn i at det nå ser ut til å vera fleirtal i kommunestyret for å stoppe planarbeidet for hytteområde i Jettlie, ser ikkje Vågå SV nokon grunn for å vente med denne saka til etter kommunevalget – vi vil ha stopp i planane nå. Dette betyr at vedtak i kommunestyret 09.08.2017, sak 55/17, blir gjort om. Grunngjeve spørsmål i kommunestyret 25. mai frå Vågå SV: når kan kommunestyret kan få saka til behandling?