Det var ei rørande einigheit om å satse på tiltak mot demografiutvikling og satse på distriktspolitikk på fylkestinget i april og juni i 2022 gjennom fleire vedtak. Men i fylkestinget i oktober, når det kjem til  tilbodsstruktur ved vidaregåande skular, kan ein få inntrykk av at det er distriktsskulane som nok ein gong skal ofrast for å sikre økonomien og breidda av tilbod andre stader. Dette til tross for at det i dei neste 5 åra er størst nedgang i tre regionar sør og midt i Innlandet og elles mindre endringar i elevtal i seks andre regionar tilsvarande ei klasse eller to pr. region. Enkelte færre klassar rettferdiggjer ikkje eit behov for å legge ned skular.

Det blir prata varmt om at nå må vi tenke nytt og ta grep, og grepa er tilsynelatande å legge ned skular. Altså ei avvikling og ikkje ei utvikling. Når svaret på alt er å legge ned og avvikle i staden for å sjå på kva moglegheiter vi har til å styrke og utvikle, vil vi aldri få gjort noko med fråflytting, sentralisering og den demografiutviklinga som fylgjer av det.

Senterpartiet har i sitt valprogram å oppretthalde alle vidaregåande skular i Innlandet fordi vi meiner at å ha eit skuletilbod i heile Innlandet både er vårt ansvar og vår moglegheit. Vårt forslag i oktober var å be fylkeskommunedirektøren om å greie ut ei sak der ein ser nærare på korleis dei vidaregåande skulane betre kan utnytte kapasiteten sin. Vi peikte på fullføringsreforma som kjem frå skuleåret 2024/2025, busetjing av flyktningar, inntak av gjesteelevar, landslinetilbod, alternative opplæringsmodellar og samarbeidet med Karrieresentra om «Voksnes læring» med meir.

Vi må sjå på kva faktorar som kan dempe venta elevtalsnedgang og bidra til å stabilisere den skulestrukturen vi har i dag og samtidig sikre tilstrekkeleg forutsigbarheit, kvalitet og breidde i utdanningstilbodet. Både kostnader til skuleskyss og utfordringar knytt til det å bu på hybel må greiast ut opp mot kva skulestader vi har.

Vi meiner at det er aktuelt å legge fylkeskommunale funksjonar til våre vidaregåande skular, spesielt i distrikta. Dette er noko Vestland fylke har lykkast godt med. Da tenkjer vi på aktivitetar innanfor kultur, frivilligheit og satsingar knytt opp mot distriktssatsinga vi har vedteke som heiter «Tett på 2030» som handlar om samfunns- og næringsutvikling.

Regjeringa er tydelege i Hurdalsplattforma at dei vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk med fokus på å vere tilstades med regionale utdanningstilbod som er tilgjengelege der folk bur. Da kan bedrifter og kommuner rekruttere breiare og få tilgang på fleire fagfolk. Dette må også vår skulepolitikk i fylket bygge opp under.

Sidan debatten i fylkestinget frå H, Ap, Mdg og V var prega av spørsmål om skulestruktur og ikkje tilbodsstruktur, er vi spente på kva skulestader dei da ynskjer å legge ned og om dei kjem med det før fylkestingsvalet 2023.