Fylkeskommunen må leggast ned!

Dette er einaste feltet der eg er høgremann. I lokalsendinga valnatta var eg kommentator på lokal-tv-sendinga til avishuset Fjuken. Før valresultata kom inn vart det spurt om vi eigentleg hadde merka noko til at det også er val til fylkeskommunen. Men nei. Ikkje valsendingar på NRK nasjonalt med fylkeskommun(ar) og heller ikkje i valdebattane i kommunane som Fjuken dekker, Vågå, Lom og Skjåk.

Ingen bryr seg. Men kostbare er dei. Dei selar på med heiltidspolitikarar og den adminstrative toppleiinga voks sjølv da dei mista ansvaret for hovudportefølja – sjukehusa.

Det eg sa i denne sendinga, er at fylkeskommune-politikarar og administrasjon driv i «fri dressur». Knapt nokon les partiprogramma og enda færre (om mogleg) stiller fylkespolitikarane til ansvar for det dei vedtek og det dei driv med.

Nesten alle gjer som eg, ser det ut til: Legg fylkes-stemmeseddelen til same partiet i urna som i kommune-valet. At dei fleste av oss da kan få ei heilt anna politisk leiing på fylkesnivå enn det vi trudde, fekk vi nå eit storarta døme på i Innlandet. Plutseleg gjekk Høgre og Ap (og Mdg) i kompaniskap. Eg føler meg så å seie heilt sikker på at nesten ingen som røysta Ap trudde at dei med stemma si skulle sikre at Høgre kom i posisjon. Høgst truleg røysta heller ikkje Høgre-folk på Ap.

Forresten: Kanskje stod det i fylkespartiprogramma at H og Ap ville gå valteknisk i seng etter valet med Mdg som anstand? Ingen gadd undersøke.

At Ap og H står nærast kvarandre nasjonalt og ofte regionalt er ein del av dette: I kommunane og nasjonalt er dei avhengige av å framstå som hovudmotstandarar. I fylkeskommunen vil ingen drive dyneløfting.