av Edel Kveen og Bjarne Eiolf Holø, ordførarar i Lom og Skjåk

17. mars 2011 var ein merkedag. Ikkje berre i Lom og Skjåk, men i heile Norge. Det var dagen da styret i TINE bestemte seg for å lytte til det norske folk, og sikre fortsatt produksjon av Gudbrandsdalsosten i lokala til TINE Lom og Skjåk. Sidan den dagen har sjølvsagt 17. mars vore den nasjonale Gudbrandsdalsosten sin Dag.

«La G-35 Leve» var ein av dei fyrste folkeaksjonar i sosiale media i Norge. Over 51 000 nordmenn over heile landet, og ganske mange også i utlandet, sa høgt og tydeleg ifrå om at dei ynskte å ta vare på vår nasjonale stoltheit. Saman med Freia Melkesjokolade, er den ekte Gudbransdalsosten noko av det «norskaste» og «stoltaste» vi har. Norge treng ikoniske merkevarer og vi treng å verne om produkt som ivaretek og styrker identiteten vår. Den ekte Gudbransdalsosten har akkurat denne krafta!

Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir produsert i gryte slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gjev den unike smaken, det som sikrar at vi tek vare på tradisjonsrik mat og kultur.

Dersom TINE vurderer å leggje ned produksjon av Gudbrandsdalsosten i nettopp Gudbransdalen, kva sit vi att med da? Berre ein heilt vanleg ost, utan moglegheit for den viktige historieforteljinga som gjer at den framleis er ein viktig del av nordmenn sine liv. At den har sin faste plass på alle frukostbord, og i dei fleste matpakker.

Vi håpar at TINE forstår at vern om vår nasjonale stoltheit er akkurat like viktig i dag, som det var for 12 år sia. Vi håpar også at vi skal sleppe å mobilisere ein ny runde av folkeaksjonen. Men, må vi, så er vi klare.

Det handlar om noko som er større enn oss sjølve. TINE er mjølkebonden sitt selskap, og er det noko den norske bonden er god på så er det å tenke langsiktig. Det same skal vi gjere. For eigarane våre. For Norge.

Dette er TINE sin visjon står det å lese på deira eiga heimeside. La oss håpe dei framleis lyttar til, og respekterer vilja til det norske folk. «La G-35 Leve» i Gudbrandsdalen!