I TV-serien «Norge i rødt, hvitt og grått» med Bård Tufte Johnsen som Oppsynsmannen har NRK brukt KI for å presentere ei rekkje større naturinngrep i landet vårt dei siste 5 åra. Det er skræmande, om ikkje overraskande, å sjå kor planlaust vi grip inn i ofte urøyvde naturlandskap og set i gang utbygg-ingar og tiltak som for alltid vil endre landet vårt. Det er pengemakta og draumen om nye «arbeidsplassar» som rår, ikkje kunnskap og respekt for ein natur som skal vara for alle generasjonar.

Nå er nyvalde representantar på tur inn i kommunestyresalane med temperaturane stig på Jorda og nye ekstemvera står i kø dei neste åra. Det nyttar ikkje lenger å skyte seg inn under påstanden om at kinesiske kolkraftverk har skulda og at vi er for små til å gjera noko.

Med eit utslepp på heile 13t CO2 pr år, høyrer vi nordmenn med blant dei verste forureinarane i Verda. Og, vi som har gjort det til ei nasjonal oppgåve å berge regnskogen i Brasil, vi høgg dei boreale skogane våre fortare ned enn dei brasilianske soyadyrkarane greier det i Amazonas!

Og, som det går fram av teksta til NRK: «det er kommunene som i hovedsak styrer bruken av areal i Norge.»

Før de heilt har fått sett dykk til rette i salen vil de som nye representantar få spørsmålet: Vil du vera med å føre vidare den vettlause bruken av natur og forbruk som vi «gamle» har lagt opp til, eller vil du gå inn for ein politikk som tek vare på land og ressursar for nye menneske i nye tider?