av Torstein K. Garmo

To dagar etter at vi hadde denne saka oppe i kommunestyret i Lom så vart ei ny forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7  gjort rettskraftig for Vågå kommune. I Vågå har dei hatt ei slik forskrift sidan 2001, og dette var fjerde endringa dei gjorde.  Starta smått og forsiktig for meir en 20 år sidan og har nå vedtatt den mest omfattande forskrift dei kan få etter konsesjonslova.

Kva er så forskjellen mellom Lom og Vågå?  I Vågå har dei nok hatt problemet med ein del tomme hus lengre og i litt større omfang enn her i Lom, men forholda er temmeleg like.  Forskjellen går nok mest på det at i Vågå har dei hatt politikarar som aktivt har søkt etter løysningar medan vi i Lom har hatt tafatte politikarar som ikkje har hatt mot til å ta grep. Dessutan har dei i Vågå ein svært aktiv og flink jordbrukssjef som eg trur har vore sentral i arbeidet med denne saka. I Lom har vi ikkje jordbrukssjef!

Det som er grunnlaget for denne saka er ei forskrift etter konsesjonslova. Det naturlege er da å sjå litt på kva som er fastsett i denne lova. Paragraf 1 er ofte den viktigaste i dei fleste lover på grunn av at der ligg formålet med lova nedfelt. I § 1 i konsesjonslova står det slik: Loven har til formål å regulere og kontrollere omsetningen av fast eigedom for å oppnå et effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer og slike eier- og bruksforhold som er mest gagnlige for samfunnet.

Om vi innfører forskriften det er prat om så vil bolighus også bli omfatta av denne bestemmelsen. Vi som politikere skal primært sjå på sakene ut frå eit samfunnsmessig synspunkt.

I § 7 i konsesjonslova kjem reglane for nedsett konsesjonsgrense. Det ein kan kalla formålet med denne paragrafen kjem heilt til slutt og der det bl.a. står: , og så langt det ansees nødvendig for å hindre at eiendommer som bør brukes til helårsbolig blir brukt til fritidsformål.

Dette er dei viktigaste føringane Stortinget har fastsett gjennom konsesjonsloven for vår forvaltning av fast eigedom i kommunen.

I den saksutgreiinga vi fekk frå administrasjonen i samband med handsaminga i kommunestyret var det i liten grad vist til lova.  Så ein kan si at den saksutgreiinga ikkje heldt mål, og debatten i kommunestyret bar i stor grad preg av dette. Det vart sett fram ein del påstandar der som ikkje kan stå utan kommentar. Men eg vil likevel starte med å kommentere eit innlegg i Fjuken skrive av Sp sin ordførarkandidat ved det komande val. Der skriv han at eit vedtak om nedsett konsesjonsgrense  ikkje vil få særleg effekt før om 20-30 år. Realiteten er slik at reglane i konsesjonslova kjem i inngrep ved eigarskifte.  Her i Garmo veit eg at det vil bli lagt ut eit hus for sal om ikkje lenge. Om vi hadde sagt ja til nedsett konsesjonsgrense den 2. mai så ville den eventuelt nye eigaren av dette huset fått pålegg om buplikt. Dei siste åra har relativt mange hus i Lom hatt skifte av eigar.  Eigarskifte er det også når nokon går bort og  barn/arvingar overtek eigendomen.  Dette er livets gang og det kjem ubønnhørleg. Det er derfor liten grunn til å tru at dette talet vil gå vesentleg ned, og i løpet av 20-30 år vil nok relativt mange hus skifte eigar og ville blitt pålagt buplikt – om vi hadde innført ordninga. Så påstanden til den nemnde ordførarkandidat har ikkje rot i den verkelege kvardagen.

I det same innlegget vart det også hevda at i Hemsedal så brukte dei 1 million på kontroll av buplikta. Eg har prata med Oddvar Grøthe, tidlegare ordførar i Hemsedal i 20 år.  Han seier at dei i utgangspunktet brukte om lag ei halv stilling til dette, men ettersom dei har fått gode rutiner på plass så brukar dei ikkje så mykje. Men han la til at uansett så var dette den stillinga som betalte seg best i Hemsedal kommune, for om vi ikkje hadde hatt nullkonsesjon så ville det meste av dei sentrale byggefelt i bygda vore fritidsbustader, og kva det ville resultert i av tapte inntekter i form av reduserte rammeoverføringar frå staten og tapte skatteinntekter, det torde han ikkje tenkje på.

I debatten i kommunestyret vart det også hevda at vi kom til å få mange søksmål mot oss. I Hemsedal hadde dei eit søksmål heilt i starten. Den som reiste søksmålet tapte saka mot kommunen.  Etter det har dei ikkje hatt søksmål i Hemsedal, og dei er av dei kommunene som har hatt ordninga lengst.

Saka om nedsett konsesjonsgrense er vi nok ikkje ferdige med i Lom kommune. Tverrpolitisk liste vil ta opp saka på nytt etter det komande val, om vi kjem i ein slik posisjon. Da må saka førebuast på ein heilt annan måte enn den vart denne gongen.