Takk Kristen Haugen Dagsgard for ditt innlegg om datasenter. Eg veit at du er skeptisk til datasenter på Dønfoss og vil utvikle Dønfoss. Her vil eg komplettere historia med protokollen frå Formannskap og Kommunestyre.

14.feb 2023 i Formannskapet

Forslag frå meg i Bygdalista:

Reguleringsplanen skal inkludere heile Dønfoss. Saken blir lagt fram att for å få ein moglegheitsstudie på Dønfoss og fastsetting av grenser for planområde. Datasenter skal ikkje vere eit formål for etablering på næringsområdet.

Forslaget falt med berre min stemme for. Men vi skal ta med oss at Kristen snakka positivt om ein moglegheitsstudie på Dønfoss.

Forslag frå Kristen Haugen Dagsgard i SP:

Godkjenning av reguleringsplanen for Øyberget under føresetnad om at datasenter blir teke ut som formål for etablering. Gjeldande formål for etableringar blir næringsverksemd med hovudvekt på lett industri, verkstad og lager som gir lite støybelastning og støvutslepp mot omgjevnaden. Innanfor ei periode på 5 år skal det gjerast ei evaluering av reguleringsformål for området.

Forslaget frå Kristen Haugen Dagsgard vart vedteke mot 2 stemmer frå SP og AP. Det var da det beste Kristen og eg kunne få til.

23.februar i Kommunestyret

Fleirtalet i kommunestyret vedtok 23.februar i år å regulere Øyberget næringsområde, noko som kan bety at dei er eit steg nærare eit datasenter i Skjåk. Mindretalet stemte for  framlegget frå Kristen Haugen Dagsgard om å ikkje tillate datasenter.

Fleirtalet med 9 mot 8 vedtok at eit datasenter kan etablerast på området etter desse reglar:

• Etiske retningsliner for etablering i planområde må godkjennast av Skjåk kommune. Dei skal bli innlemma i framfesteavtala.

• Alle ynskje om etablering i planområdet skal politisk handsamast i Formannskapet. Ved eit eventuelt datasenter skal følgande regler gjelde og vera tilknytt framfesteavtala:

• Støy innafor grenseverdiane, men som likevel skaper sjenanse, skal løysast. Bygningens skal ikkje skape unødig visuell «forureining».  Eit datasenter skal har ein plan for gjenbruk av mest mogleg spillvarme. Eit datasenter skal har ein plan for verdiskaping og arbeidsplassar. Det skal ikkje utvinnast kryptovaluta.

Det var spillvarme og kryptovaluta som mindretalet 2 frå BL, 4 frå AP og 2 frå SP, var skeptiske til. Spillvarmen frå den eine interessenten som har vore i biletet, tilsvarande energiforbruket i alle bustader i Ottadalen. På folkemøtet på Dønfoss sa interessenten at ein tredjedel truleg ble kryptovaluta.

Så langt eg veit er det dette som kan skje no:

Senterparitet, Bygdalista og Arbeiderpartiet har alle programfesta ein moglegheitsstudie og framtidig utvikling av Dønfoss-området.

• Kommunen skal feste arealet på 112 da frå Øvre Otta DA og Skjåk Almenning.

• Kommunestyret skal godkjenne etiske retningsliner for etablering. Retningslinene  skal bli innlemma i framfesteavtala mellom kommuna og tomtesøkar.

• Kommunestyret skal finansiere utbygging av veg, vatn og kloakk for området.

• Kommunen skal utlyse anbod på utbygginga.

• Ein entreprenør skal byggje ut næringsområdet med vatn, veg og kloakk med kommunen som byggherre.

• Dersom eit datasenter søker, skal avtalen om framfeste handsamast av Formannskapet.

Er det aktuelle søkarar?

Fjuken har prøvd å få innsyn i prosessen rundt interessentar.

Så vidt eg veit har verken politikarar eller bygdafolk kjennskap til dei som er interessentar, eller korleis arbeidet føregår. Unntaket er den eine interessenten som heldt foredrag på folkemøtet på Dønfoss.

Til slutt

Godt val; no bør du røyste.

Vi trenger fleire unge folk og fleire kvinner i politikken.

Bruk røysteretten din!