Sist fredag orienterte hovudutvalsleiaren i fylkeskommunen det interkommunale politiske rådet (IPR) i Nord-Gudbrandsdal om kvifor og korleis det vidaregåande skuletilbodet i heile fylket er sett i spel. Som møtande vararepresentant opplevde eg ein rotete debatt, med til dels liten vilje til å ta inn over seg dei harde realitetane, og med liten vilje til å ta eigarskap til den vidare prosessen. Da kan det bli trongt i baksetet og langt frampå rattet.

Realitetane er enkle å forstå, og dei er ikkje nye. Elevtalet går ned i heile fylket. Det betyr mindre statlege overføringar til fylkeskommunen og dermed mindre pott å fordele. Dei fleste forstår at det må få følgjer for utdanningstilbod og talet på studiestader. Skal vi da vera konstruktive og prøve å einast om forslag, eller skal vi berre kjempe imot? Skal vi vera med på endringane, eller skal vi berre bli endra? Korleis kan vi sikre eit skuletilbod i regionen vår som står seg over tid, og slik at fagmiljø og fagtilbod blir gode nok?

Tør vi sjølve blant anna stille spørsmålet om det pedagogisk, sosialt og økonomisk er berekraftig å kjempe for å behalde ein skulestad med 21 søkjarar fordelt på tre klasser? Ynskjer vi at elevar, tilsette og næringsliv også heretter skal måtte leva med at det vidaregåande skuletilbodet i regionen konstant er til vurdering? Skal usikkerheit kunne bli erstatta med stabilitet, må vi ha meir fokus på utdanningstilbod enn på studiestader.

Det lokale næringslivet skrik etter arbeidstakarar med fagutdanning og høgare utdanning, men opplever ikkje at studietilboda svarar til behovet. Korleis kan regionen bidra til å sikre ei så brei vifte som mogleg, innan både yrkesfag og studiespesialisering? Berre byggfag, teknologi- og industrifag eller helse- og oppvekstfag blir for smalt. Kva med dei andre faga som reiselivet og resten av næringslivet etterspør?

Å oppretthalde tilbod om studiespesialisering på tre stader i norddalen har gått ut over yrkesfaglege tilbod, og har ført til at fleire av desse har vorte lagt ned dei siste ti åra. Vi kan prate om ei diskriminering av yrkesfaga, der elevane har måtte tole lange reiseavstandar for å få oppfylt sine ynskje.

Regionrådet eller nå IPR har fleire gonger vorte utfordra på å sjå elevane sitt totale utdanningstilbod i regionen vår. Det har alt for ofte vorte ein diskusjon om skulestader. Nå meiner eg at norddalskommunane må opp i ringane og ta eigarskap til prosessen i samspel med fylkeskommunen som skuleeigar. Da kan diskusjonane i IPR bli så interessante at avisene også finn det interessant å møte og formidle det som blir sagt.

I dette arbeidet må det utøvast politisk klokskap til beste for elevane, dei tilsette og det lokale næringslivet. Det inneber også å stå opp for det som kan vera realistisk å behalde av tilbod og studiestader, i staden for berre å kjempe for å behalde alt slik det er i dag.

Alle blir taparar dersom alle kommunar skal kjempe mot alle. Derfor må det interkommunale politiske rådet gå tungt inn i høyringsprosessen, sikre brei medverknad og ha målsetting om ei godt grunngjeve og felles høyringsuttale, og gjerne saman med regionen i midtdalen.