av styre i Dovre Ap

Vi kan ikkje bli berekraftige ved å bygge ned sårbar natur. Dette gjeld i høgste grad óg på Jettfjellet. Skal vi redde klimaet, må vi ha natur og økosystem som fungerar. Grunnleggande behov som luft, vatn og mat er eit resultat av naturmangfaldet på jorda. Når mangfaldet byggast ned bit for bit, vil systemet til slutt kollapse. Det er vanskeleg å sjå konsekvensane av dei gradvise endringane. Men når vi passerer vippepunktet, er det for seint å snu.

Klimautvalget 2050 hadde i oppdrag å sjå på korleis Noreg kan nå klimamålet for 2050, på ein måte som er berekraftig både sosialt, økonomisk og klima- og miljømessig. Utvalet er heilt klare i si tale: «Det er vesentlig at klimapolitikken ses i sammenheng med naturkrisen og politikk for bærekraftig bruk av arealer både på land og til havs».

Om vindparken på Jettfjellet blir realisert, kan vi få nesten femti vindturbinar på over to hundre meter. Til samanlikning er tårnet på Jetta mindre enn 75 meter. Vindparken vil difor synast i enorme områder rundt, med forstyrrande støysonar langt utanfor sjølve parken. Med vegar og vindturbinar er dei totale inngrepa massive. Isras kan bli slengt ut frå vindmøllene, og skape farlege situasjonar i nærleiken. Vidare veit vi at vindparkar påverkar fugleartar negativt, og at arter i norske fjellområder allereie opplev ein stor nedgang.

Hovudproblemet er overforbruket av energi i dag. Energibrukan aukar kraftig. Statnett spår at Noreg kjem i eit energiunderskudd allereie i 2027. Vi treng difor fornybar energi, og mykje av det. Men så lenge vi fortsett med eit overforbruk av energi, kan vi aldri bli berekraftige.

Samstundes er energien eit knapt gode, som må fordelast på best mogleg vis. Det er difor viktig å a) prioritere å kutte energiforbruket slik at det kjem innanfor klodens tolegrenser, samtidig som vi b) prioriterar energi til den viktigaste bruken. Som Ørjan Venås påpeikar i sitt Facebook-innlegg: Skal vi ha vindpark på Jettfjellet for å drive Bitcoin-utvinning på Lalm?

Det er ei kortsiktig løysing å byggje ned urørd natur for å produsere energi til mykje vi kanskje eigentleg ikkje treng. Vi må tvert om ta vare på naturen, ved å å bruke litt (mykje) mindre.