av Odd Jan Hølmo, Vågå

Eg ser at Sanna Sarromaa i eit intervju på nettsida hos GD nok ein gong presiserer at vi som bur lengst nord i Gudbrandsdalen er stokk dumme.

Verst går det utover folk som bur i Lom og Skjåk, for dei har iallfall ikkje noko i topplokket.

Det ser ut som om intelligensen følgjer med elva nedover og hopar seg opp på Lillehammer der ho bur. Den høge intelligensen hennar nyttar ho til å rakke ned på alt og alle.

Vi dumme er sjølvsagt for dumme til å skjøne kva for slags kunnskap og intelligens som lyt til for å rakke ned på alt og alle, men no har vi skjønt at dette heiter dumskap.