Av lærarane ved Lom ungdomsskule

I den vedtekne økonomiplanen for Lom kommune er det lagt opp til innsparingar på inntil 4 millionar i Lom dei næraste åra. Dette kjem av at Lom får stadig færre ungar. På same tid blir det fleire pleietrengande eldre i kommunen. Det er såleis sett i gang eit arbeid for å sjå på korleis ein kan rigge oppvekstsektoren framover. Vi har stor forståing for at det no kjem ein prosess, men vi har ikkje forståing for sjølve prosessen eller innstillinga frå administrasjonssjefen.

Da rektor ved Loar skule sa opp stillinga si,  tenkte vi det vart sett i gang eit arbeid med tilsetjing av ny rektor. Det skjedde ikkje. I staden har det blitt sett i gang ein prosess vi stiller store spørsmålsteikn ved. KSK (KS-konsulent) har skrive ein rapport basert på intervju av eit utval lærarar og tilsette i administrasjonen. Da desse intervjua vart gjort, var det eigentleg ingen som visste kvifor dei vart intervjua og kva dette skulle brukast til. KSK  skriv at det er lagt vekt på involvering av dei tilsette, noko vi ikkje kjenner oss igjen i. Vi føler meir at vi har blitt informert enn involvert, og det i seinaste laget.

Rapporten er i og for seg grei. Den seier at rektor på Loar sluttar grunna sterkt arbeidspress. Vi forstår godt at arbeidspresset er stort, da oppgåvene ein rektor skal famne om, er mange. Ein rektor skal mellom anna ta i vare elevane sitt læringsmiljø, utvikle eit godt profesjonsfellesskap og ein god organisasjonskultur, vere ansvarleg for at skulen sitt samfunnsoppdrag blir utført og leie utviklingsprosessar, endringsprosessar og kompetanseutvikling ved skulen. I tillegg er rektor den lærarane ved kvar skule har som støtte i kvardagen.  Det at ein arbeidskapasitet av ein rektor på Loar sluttar grunna arbeidspress, bør verkeleg vere eit varsel om at det må vere ei 100 % rektorstilling på begge skulane.

Det gjer ikkje saka betre at kommunalsjef for oppvekst og har slutta, og at denne stillinga heller ikkje er lyst ut.

Kva har Lom kommune tenkt å gjere med dette?

Forslaget frå administrasjonssjefen er å slå saman kommunalsjef oppvekst med ein annan kommunalsjef. Det er og eit forslag om å kjøpe tenester frå ein annan kommune. Når det gjeld rektorstillinga på Loar, er forslaget at det blir ein felles rektor for begge skulane, og at ein bør sjå på samlokalisering for 1-10-skule.

Kommentarar til forslaget:

Kommunen er lovpålagt å ha ein skulefagleg ansvarleg med skulefagleg bakgrunn. Det betyr at om ein vel at ein kommunalsjef for eit anna område og skal ha ansvaret for oppvekst, må ein i tillegg tilsetje ein rådgjevar som skal ha skule som arbeidsfelt. Dette forslaget vil derfor ikkje vere ei endring som gjev sparing. I tillegg vil det vere ei dårlegare løysing både for rektorane og lærarane. Vi er avhengige av å ha ein person som er tett på oppvekst for at skulen skal bli bra, ein person med myndigheit.

Under punkt 2 kjem det som vi som lærarar kjenner mest på. Det å ha ein rektor tilgjengeleg på skulen er heilt naudsynt. Kvardagen inneheld alt frå A til Å, og det er godt å lene seg på ein som har oversikt og kunnskap om reglar og lovverk. Dersom tanken er å ha ein rektor på ein 1-10-skule, må denne skulen lokaliserast under same tak. Vi ser at med den folketalsutviklinga vi har i Lom, er 1-10-skule noko ein må sjå på. Rapporten seier også at ein felles rektor ikkje vil gi økonomisk innsparing.

Rapporten stadfester at rektorane har stort arbeidspress, og det er derfor merkeleg at felles rektor i det heile er eit forslag.

Lærarane ved Lom ungdomsskule ber om at dei som skal bestemme høyrer på oss som arbeider på skulen. Vi møter ungane og ungdommane i Lom kvar dag. Vi ser rektorar som arbeider både oppover, bortover og nedover i skulesystemet. Vi kan ikkje spare oss til dårlegare kvalitet i Lomsskulen. Vi vil ha ein god skule for dei som allereie bur her, og ikkje minst ein skule som gjer at det er attraktivt å busetje seg her.