Vi ser utspel i valkampen frå ulike parti som peiker i retningar som vi i Senterpartiet både kan vere einige og ueinige i. Slik er politikkens vesen.

Men Senterpartiet, både på nasjonalt, fylkes- og lokalt nivå er tydelege på at vi ynskjer å ta heile landet i bruk. Om det er i distrikta eller rundt Mjøsa eller om det er i grenseregionar som har gode samarbeid på tvers av fylkesgrenser, så er vi tydelege på at vi må sikre ei god utvikling som gjer at folk vil bli eller flytte til.

Innlandet fylkeskommune er politisk styrt og vi skal ha ei tydeleg samfunnsutviklarrolle. Vi tapte kampen om å løyse opp att fylka, sjølv om folkeavstemminga sa noko anna. Men nettopp fordi folkeavstemminga viste at spesielt kommunane utanfor byane meinte vi skulle gå attende til Oppland og Hedmark, meiner vi i Sp at vi må føre ein politikk som ser heile Innlandet.

Derfor skal vi som fylkeskommune gjennom regionale planer, strategiar og oppfølging av vedtak bruke våre verkemiddel for å oppnå dette. Fylkeskommunen skal vere tilgjengeleg og offensiv overfor for alle kommunane og våre samarbeidspartnarar, både politisk og administrativt for å bygge kunnskap og finne gode løysningar. Vi står for ei forvaltning av våre felles ressursar med ein berekraftig bruk av naturen. Balansen mellom bruk og vern ligg mellom tilgjengelege ressursar, lokalkunnskap, rettferdig fordeling, geografisk balansering og nasjonalt regelverk og forpliktingar.

Innlandet er stort og mangfaldig og fylkeskommunen skal gjennom si samfunnsutviklarrolle  også sikre ei balansert utvikling både i Mjøsregionen og mellom distriktsregionane. Dette gjeld både for fylkeskommunen sine ansvarsområde og Innovasjon Norge, men også i samarbeid med regionale aktørar som Høgskolen i Innlandet, NTNU, NAV, Politi, Statens Vegvesen, Statsforvaltaren, Forsvaret og andre aktørar som påverkar både etableringar og aktivitetar som er viktige for våre innbyggarar.

Innlandet fylkeskommune sin sentraladministrasjon er tilstades både på Hamar og på Lillehammer og vi skal heile tida utvikle organisasjonen på ein måte som legg til rette for at flest mogleg kan finne det attraktivt å bli ein av våre medarbeidarar og sikre rekruttering frå store delar av fylket. Samtidig skal vi jobbe for å flytte stillingar ut til distriktsregionane for å hauste kunnskap i heile fylke og for å jobbe tettare på kommunane og deira utviklingsmoglegheiter.

Skal vi klare å knyte fylket saman, må vi ha meir kollektivtilbod som både fraktar folk mellom knutepunkt og til endepunkt. Kan nemne det med eit betre kollektivtilbod til og frå Gardermoen for Gjøvikregionen og til og frå Mjøsområdet for Kongsvingerregionen. Vi treng også regionale ruter på tvers av dalfører og til og frå byane våre. Skal vi klare å utvikle heile fylket, må vi også ha utdanningstilbod  som svarar til kommunane og næringslivet sitt behov nærast mogleg der arbeidskrafta trengs.

Mange kommunar og lokalsamfunn fekk testa seg under uværet Hans og vi såg da kor viktig det er å vere tilstades for å sikre liv og helse og kor viktig det er med lokalkunnskap. Dette vil Senterpartiet vere med å bygge opp under og styrke for at våre innbyggarar skal ha gode tenester nær der dei bur.