I Norge er det nesten 450.000 fritidsboligar og hytter, og Innlandet er det største hyttefylket med om lag 90 000 hytter. Til nå har det vore bygd hytter utan å ta omsyn til at vi bygger ned natur og utmark og kva utfordringar det skaper.

Innlandet er rik på ressursar.  Vi har framleis natur utan inngrep, vi har villrein, vi har skog og vi har landbruk. Men ressursane er under press, utfordringane er menneskeskapte og vi må ta ansvar.

Nokre kommunar i Innlandet har sett foten ned når det gjeld hyttebygging, eksempel på det er Lom og Trysil. Lom har sett stoppar for hyttefelt i eit areal med lange tradisjonar for landbruk. Utmarksbeitet her skal ikkje brukast til hyttefelt. I Trysil er mykje bygd ned, der ynskjer ein å arbeide for ei byggegrense mot fjellet. Elles i Innlandet er det også diskusjonar om grenser mot fjellet, og kva verdiar vi skal satse på i tida framover.

I fleire kommunar i Innlandet er hyttefolket viktig for næringsliv og lokalsamfunnet, men ikkje for ein kvar pris. Hytteeigarane er også avhengig av eit godt utvikla lokalt næringsliv og at verdiskaping og kompetanse blir værande lokalt. Store utbyggingsprosjekt fører nødvendigvis ikkje til god lokal verdiskaping.

Innlandet er det største reiselivsfylket i Norge, med og utan hytter. Korleis skal vi utvikle reiselivet utan at det går på bekostning av ressursane våre framover?

I Innlandet blir det produsert fornybar kraft, ein viktig ressurs, men straumforbruket for hyttene aukar meir enn for hushaldningar, og Innlandet har i periodar av året for lite straum.

Korleis skal vi balansere utviklinga av reiselivet slik at dei tilreisande nyttar seg av det vi tilbyr lokalt, blir værande i området og er tilfredse brukarar når dei reiser att? Utviklinga må gå hand i hand med tilfreds lokalbefolkning, og med ressursar i balanse. Fleire hyttefelt er ikkje svaret på ei god utvikling for reiselivet.

For kommunane er utfordringane mange.  Kommunane skal arbeide med å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg eit klima i endring, i tillegg fylgje opp den internasjonale naturavtalen som seier at  verda må verne og restaurere 30% av naturen.

Innlandet SV ynskjer ikkje meir nedbygging av natur og utmark. Vi ynskjer intakt natur, villrein som ikkje blir hindra i bruk av leveområde og eit landbruk med forutsetningar for å nytte sitt naturlege ressursgrunnlag. Vi ynskjer nærheit til natur, fjell og gode opplevingar.

SV har miljø, klima og natur som høgt prioriterte saker i kommune- og fylkestingsvalet.  Neste periode blir avgjerande for at vi skal lykkast med å stoppe nedbygging av natur. Lokalpolitikarar har stor friheit til å styre over arealpolitikken, dette er på same tid eit stort ansvar som SV vil ta.