Kvinnedagen har vore markert i over 100 år og ein må vel dessverre konkludere med at dagen ikkje bør avviklast med det fyrste.

Den 8. mars er ein kampdag, men arbeidet skjer over heile året. I arbeidslivet, utdanningssystemet, sporten, forsvaret… og ikkje minst i politikken. Det er i politikken at føringane vert lagt og det er i kommunestyret at prioriteringane blir gjort, prioriteringar som har direkte betydning for kvardagen til innbyggjarane.

Nå har eg sitte som ordførar i tre år og sett på nært hald kor viktig det er at eit kommunestyre er representativt i forhold til befolkninga.

Ved kommunevalet 2019 vart det i Vågå vald inn berre 5 kvinner av 17 representantar. Det var 50/50 fordeling menn og kvinner på vallistene, så personstemmene gjekk i hovudsak til menn. Dette er ei påminning om kor viktig det er at veljarane er sitt ansvar bevisst i å få eit kommunestyre med breiast mogleg representasjon på alder, kjønn, bakgrunn etc.

Registrerer at det i den offentlege debatten vert uttrykt bekymring for rekrutteringa til politikken og at det er spesielt vanskeleg å få kvinner til å stå på valliste. Kva årsaka til dette er, kan vere vanskeleg å si, antakeleg er det samansett. Slik eg kjenner kommunestyret er det vilje til å gjere endringar slik at det kan vera meir attraktivt og for kvinner å engasjere seg i lokalpolitikken. Da er det viktig at du engasjerer deg og kjem med forslag på kva som kan betrast.

Vil til slutt ynskje alle ei fin 8. mars markering og takke alle som engasjerer seg. Ein spesiell takk i år til kvinner i Vågå som seier ja til å stille på vallister for neste kommunestyreperiode.