av Morten Kielland (Bl)

Politikarar og kommunedirektøren med hans folk har utført mykje godt arbeid siste år.

Vi har fått fokus på næringslivet med rekrutterings-bustader, næringsplan, omdømeplan, Sats på Skjåk, klima- og miljøplan, forprosjekt for Næringsnettverket, og at næringslivet samlar seg i eit nettverk.

Vi har fått fokus på omstilling frå unge til eldre med fleire prosjekt i skule, rapporten fra Agenda Kaupang, ny symjehall i Skjåkhallen og helse- og omsorgsplan.

I vedtaket om budsjettet skal vi bruke mykje pengar på ny vassforsyning på Dønfoss. I same møtet brukte Kommunestyret 2 millionar kroner på Ungdomens hus ved Skjåk Friviljugsentral.

Bygdalista har næringsliv, barn og unge, klima og miljø og Dønfoss i sitt program som 4 av 6 punkt. Likevel er alt dette over resultat av eit samarbeid mellom Bygdalista, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, kommunedirektøren og hans folk, og med viktige inspel frå bygdafolk.

Med dette peiker kommunen kraftig i rett retning.