av Edel Kveen og Bjarne Eiolf Holø, ordførarar i Lom og Skjåk

Riksveg 15 er transportåre, livsnerve, skuleveg og beredskapsveg,  vegen er ei viktig transportåre for innbyggarane, for gjennomgangstrafikk og for næringslivet. I tillegg er dette skulevegen til ungane våre!

 Rv. 15 frå Otta og vestover er oppbrukt. Den er ikkje dimensjonert for den trafikkmengda og dei køyretøya som er i dag. Mykje av vegen er planlagt og bygd for over 40 år sidan. Noko er enda eldre. Kurvatur, bereevne og breidde er ikkje oppdatert på mykje av strekninga. Dette går utover framkome, det går utover trafikksikkerheita og det går utover beredskapen- og samfunnssikkerheita.

Vi er svært tilfredse med at Statens vegvesen har meldt oppstart av reguleringsplan av Rv 15 og strekkevis utbetring mellom Graffer og Fossbergom i Lom. Det må løyvast midlar til viktige tiltak på ein oppbrukt veg fordi prioriteringar innan samferdselssektoren er ein del av det totale samfunnsbilete og må handsamast deretter. Vi ber ikkje om ny veg, men strekkevis utbetring på Rv15 for ivareta nullvisjon på ulykker og betre ein viktig transportåre mellom aust og vest og den daglege vegen til oss som bur og arbeider i denne regionen.

Skal vi nå våre klima- og miljømål må dette speglast i samferdseletaten sine prioriteringar ved å revitalisere fastlandsøkonomien, og leggje til rette for heilheitleg samfunnsplanlegging gjennom samferdselspolitikken. Dersom berekraft skal bli vera meir enn festtale må vedlikehald, utbetring og fornying av eksisterande vegbane på riks- og fylkesvegar stå fremst i prioriteringskøen. Det er dette vegnettet som held Norge saman, og som sørgjer for effektiv varetransport i heile landet.

I tillegg til strekkevis utbetringar må reguleringsplanarbeidet på nye tunellar etter vedteke konsept BI med arm til Geiranger fortsette. Løysinga vil eliminere 13 rasutsette strekker i tillegg til dei mest værutsatte områda på fjellet. Rv15 er ikkje berre eit samferdselsprosjekt, men òg eit betydeleg klima- og miljøprosjekt. Vesentleg reduksjon i klimagassutslepp, og forlenga tunell kan i tillegg ha stor betydning for villreinstamma i Ottadalen villreinområde på grensa mellom Breheimen og Reinheimen nasjonalpark.

Kost – nytte modellane til fagetatane fokuserar i stor grad  på sentrale knutepunkt utan å ta omsyn til heilskapen med korridorar og livsnerven for distrikt som ikkje har anna alternativ korkje på veg, bane eller lufttransport. Vi forventar at våre sentrale politikarar prioriterar samfunnsutvikling gjennom ein berekraftig modell med fokus på strekevis utbetringar, rassikring og leveleg vilkår for fastbuande, transportørar og vår felles sårbare villreinstamme.