Ved førre kommuneval vart det stemt inn berre fem kvinner i kommunestyret i Vågå, mot 12 menn. Etter at resultatet gjekk opp for oss, vart det uttrykt brei politisk semje om at vi måtte gjera betre grunnarbeid før neste val.

Eg har tillit til at nominasjonsarbeidet i alle politiske parti har hatt dette for auge, både med omsyn til jamnare kjønnsfordeling og med å få kvinner til å toppe listene. Det siste lykkast ein dessverre ikkje med, da alle parti enda opp med menn på fyrsteplass.

Representasjonen i folkevalde organ bør i størst mogleg grad spegle befolkninga. Derfor er det eit demokratisk problem om ein ikkje har fleire kvinner i kommunestyret, og det er eit nederlag om vi ikkje kan leggje til rette for at både kvinner og menn i alle livsfasar kan eller vil delta i utvikling av demokratiet og utforming av politikken i kommunen vår.

Vågå kommunestyre treng fleire kvinner, og alle parti har dyktige kvinner på sine lister. Mi oppmoding går til deg som veljar: Gje minst ein kvinneleg kandidat på lista du leverer ei personstemme. Du kan også føre opp kandidatnamn frå andre lister. Slik får vi kanskje eit resultat som betre speglar befolkninga, og slik kan vi få fleire dyktige kvinner inn i kommunestyret.