av Jehans Storvik

Distriktsskular er foreslått lagt ned. Dei passar ikkje kriteriesettet. Oppfyllingsgraden er liten. Det er venta nedgang i elevtala. Kvaliteten er førande for forslaga som er lagt fram. Lom er blant dei som er foreslått lagt ned - i alle alternativa.

Korleis er situasjonen i Lom? Søkjartala er godt innafor, minus vg2 tømrar. Stort sett har skulen fyllt normtala tidlegare. Har også måtta opprette ekstra klasser. Erfaringane og søkinga over tid må leggjast til grunn, ikkje berre nå - eller framskriven situasjon. Senterungdommen peiker i dag på det som må gjelde: «Differensierte krav til elevgrunnlaget trengst for å oppretthalde undervisningstilbod der avstandane er større og elevgrunnlaget er mindre»

Skulen i Lom har opp gjennom åra trekt til seg søkjarar frå utanom: Vestlandet, Lillehammer, Valdres - Oslo. Ofte søkjer elevar seg til Lom etter skulestart.

For nokre år sidan uttala stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes frå Høgre i fylkestinget, da årsmeldinga for dei vidaregåande skulane vart drøfta, omtrent: "Hadde eg hatt ein elev som skulle byrja på vidaregåande skule i haust, ville eg anbefalt Lom på grunn av resultata , kompetansa på dei tilsette, trivselen blant elevar og tilsette, oppfølginga og gjennomføringa". Det er eit godt skussmål å ta med seg!

Det er dette som karakteriserer skulen over år: gode eksamensresultat - gjerne i toppen i landet, høgare grad av gjennomføring enn det fylket set som mål, høg  trivsel, det er ikkje vanskeleg å rekruttere kvalifisert personale, stabilt personale, gjerne med variert yrkesbakgrunn - som kjem elevane til gode, lågt fråvær både blant elevar og tilsette - ofte det lågaste i fylket, høg grad av gjennomføring – høgare enn målet til fylket. God økonomistyring og var i si tid av dei rimelegaste - om ikkje den rimelegaste skulen i fylket.

Skulen har eit omfattande samarbeid med næringslivet. Bygg- og anleggbedriftene strekkjer seg langt for å ta inn elevar i praksisperiodar, sjølv i vanskelege tider. Dette gjeld også lærlingane.

Mange elevar har gjennom åra starta eigen bedrift og bidreg til verdiskapinga i bygdene våre. Elevane er ein nødvendig og ettertrakta del av arbeidsmarknaden i Nord-Gudbrandsdalen.

Elevane er viktige for frivillig arbeid , sosiale aktivitetar, idrett. Skulen rekrutterer til kompetansearbeidsplassar gjennom vidareutdanning: t.d. undervisningspersonale, teknisk, helse, apotek, ingeniørar, landbruk, veterinær, media...

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har henta inn ny kunnskap når det gjeld klima, miljø og naturutfordringar. Ikkje minst gjeld det dei tre kommunane i Ottadalen.

Skjåk har fullført trygginga av Bismo, har prosjekt med bulyst, har industri, av internasjonalt format, som treng variert kompetanse. Solid jordbruk,  variert reiseliv og kraftproduksjon som treng ulik kompetanse.

Lom har fokus på det same, på å etablere fleire bustader. Seinast desse dagar søkjer ein familie med to vaksna og to ungar frå Asker etter ein bustad å kjøpe i Lom: "vi ønskjer oss nærare fjellet". Det kan vera mange som tenkjer slik. Arbeidet kan folk delvis ta med seg.

I Vågå har bedrifter mist folk p. g. a. mangel på bustader. Nokre har vald andre plassar å bu enn i Ottadalen. Når Vågå er flaumsikra, kan det bety optimistiske tonar for bustadbygging og næringsliv.

Vi bør vri tenkinga i ei positiv retning. Gjerne arbeide for å skaffe fleire statlege arbeidsplassar, sjå moglegheiter, tørja satse. Skal vi ta prosjektleiaren på alvor, oppfyller Lom dei kriteria som blir kravd av ein god skule.

Lykke til til oss alle.

Oppdrag utført av elevane på byggfag. Foto: Jehans Storvik