26. april overleverte jordbruket sitt krav til staten i jordbruksforhandlingane. 5. mai kjem staten med sitt tilbod.

Jordbruket krev ein inntektsvekst på 171.300 kroner i samla vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk der 120.000 kroner går til tetting av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Staten sin forhandlingsleiar har sagt at staten aldri har sett noko liknande, og at dette blir krevjande. Det tyder ikkje bra.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil:

- Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.

-Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga. Arbeidet som er sett i gang for å greie ut dette, skal vidareførast.

Forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet sit langt inne verkar det som. Nytt og riktig talgrunnlag for å kunne rekne på dette manglar òg.

Mi frykt er at diskusjon kring manglande talgrunnlag skal gjere at jordbruket enda ein gong ikkje skal få starta opp eit skikkeleg tetting av gap.

Kravet frå bondelaget er moderat samanlikna med bonde- og småbrukarlaget sitt. Bondelaget gjekk vidare einsleg, mykje grunna usemje kring det same talgrunnlaget for utrekning av inntekt.

Det er tydeleg at noko er riv ruskande gale i landbrukspolitikken når ein ser avskalinga av mjølkeprodusentar i kring oss, talgrunnlag på plass eller ikkje.

No er også tida inne for landsmøte i Ap. Innlandet Arbeidarparti gjekk inn for å skrote kravet om lausdrift i 2034 til at det kun skal gjelde ved nybygg, på grunn av at det ikkje er lønsemd i landbruket til å bygge om. Kven kan gjere noko med det tru?

Argumenta er at ein må prioritere investeringar i forsvar og helse og omsorg i ei uroleg tid i staden for landbruk. Eg er einig i at dette er viktige prioriteringar, men har ikkje sjølvberging og matberedskap noko å seie i ei uroleg tid? Kva med dei som har investert i lausdrift med auka i byggekostnader som har vore dei siste åra? Skal ikkje dei ha lønsemd til å drive desse fjøsa? Er desse meiningane eit frampeik på jordbruksforhandlingane? At staten ikkje har råd?

Unntaket bør fortsatt gjelde der det ikkje er praktisk mogleg å utvide fjøset til lausdrift grunna terreng, men elles bør kravet stå som før.

Investeringspakka på 200 millionar som regjeringa gjekk inn for, var på den andre sida eit godt tiltak. Ein kjem likevel ikkje unna at lønsemda må opp sjølv med investeringsstøtte. Ein må også ha råd til vedlikehald i åra etter bygging.

Ytringa vart framført under kommunestyremøte i Lom 2. mai.