av Mari Brenna

Den 16/10-23 tok Selberg Arkitekter oss med på ei reise i Bismo sentrum mot 2050.

I vel 2,5 timar «pusha» dei tankane våre. Digitale bilete/skisser var både innovative, kreative og gjennomtenkt frå deira side, men jælma nye for oss.

Det vart og peika på moglegheita for å binde nærområdet saman med sentrum.

Da nytte eg høvet og sette fokus på ei gang/sykkelbru over elva. Noko som vil gagne bebuarane på båe sider. Bebuarane og gjestar i Bismo får eit vidare areal, som tur/tilgang til natur og grøntområde. Eit konkret folkehelseperspektiv.

Trafikksikkerheit er og eit medverkande punkt.

I 2023 er vegen i Lundagrende smal og eignar seg dårleg for sykkel eller gåande. Med bru kan ein enkelt sykle og gå trygt til sentrum.

Kulturinnslag kan skapast via traseen på flaumvollen, som skal opplysast, ha benker med diktsitat.

Brua fører til området ved fødestaden/heimen til Jan Magnus Bruheim, huset etter Aslaug Høydal og barndomsheimen til Magnhild Bruheim.

Lat os kalle det «Den litterære kroken i Skjåk».

I nærleiken der finst også Strikvilten Kunstverkstad.

Gamlevegen til Ofossen Mølle på Lundasida gjekk langs elva.

Den kan truleg rustast opp att til ein gang/sykkelveg.

Dermed er det ei fin runde: Over gang-/sykkel brua, sørover til Mølla og attende til Bismo langs rv. 15 , som nå har eigna veg.

Med bru haustar vi:

(i) Folkehelse

(ii) Trafikkal sikkerheit

(iii) Verdi av ei kulturhistorie

(iv) Miljøfaktor ved å ikkje bruke bil.

Men: skal vi verkeleg få reisande til å stoppe, trengst det eit «blikkfang». Noko synleg når ein kjem mot sentrum.

Kva med eit opplevingssenter m/fokus på vatn? Eit høgare hus, som fortel historia om korleis vatnet har berga denne turre bygda. Ingeniørkunst på høgste nivå.

Ordtak: «Berre vår Herre gjev oss sol , skal oss sjølve skaffe oss vatn»

Eg tykkjer det er flott at Skjåk Kommune har teke tak til forbetring/endring. Dei har invitert bygdefolket med i prosessen.

Nå har vi høve til å sjå framover, vera nytenkjande. Skapa ei bygd som vi kan vera enda stoltare over.