Vågå Arbeiderparti observerer at Vågåpakka blir lagt merke til. Samstundes har det kome fram påstandar som ikkje stemmer.

For å ta det fyrste fyrst: Vågåpakka er ei samling av tiltak som vi forpliktar oss til å gjere for å auke livskvaliteten til innbyggjarane i Vågå. Mellom anna har vi fokus på å auke grunnbemanninga i helsesektoren fordi vi trur dette er med å redusere stress for dei tilsette og  gjer brukarane tryggare når ein ikkje treng like mange vikarar.

Det er også viktig for oss å ta omsyn til den økonomiske situasjonen som mange av oss opplever nå gjennom å ha fokus på førebyggjande tiltak. Tiltak som gjer at alle barn i Vågå mellom anna skal ha moglegheit til å møte trygge vaksne på fritida, møte vaksne med ulik kompetanse i skulen, ha økonomisk moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar, leksehjelp og sjå på moglegheita for varm mat i skulen. Her har vi mellom anna fantastiske frivillige i idrettslaga rundt om i bygda som legg tilrette for inkludering på lågterskelnivå, desse må vi fortsette å støtte opp om. Vil du sjå resten av pakka oppfordrar vi deg til å lese partiprogrammet og gjere deg opp di eiga meining om kva du ynskjer for Vågå.

Så til det som opptek mange i valgkampen. Bustadtomter og Veksthuset. Vågå Ap er også oppteke av landbruk og miljø, men i denne saka meiner vi at å nytte eit begrensa område i sentrum til bustad er akseptabelt. Andre tomter ligg i bustadfelt der det er nødvendig å kjøre bil, vi må også ha eit alternativ som er sentrumsnært for å møte behovsmangfaldet. Så kan vi heller ikkje berre fokusere på dei som har råd til å bygge einebustader, særleg ikkje med den økonomiske utviklinga vi står midt i. Vi må også ha andre alternativ i form av leiligheter, for både kjøp og leie. Så meiner vi det er riktig av kommunen å tenke på marknadsføring, vi må gjera eit målretta arbeid med dette og ikkje berre la private og frivillige stå for det.  Vi meiner det er ei passiv haldning inn i ei ny tid.

Det er ikkje risikosport å stemme på Vågå Ap. Dei siste åra har Vågå Ap vist at vi ikkje har sove i timen. Eit døme er Vågåheimen, der initiativ frå Vågå Ap fekk endra planane på ein måte som nytta kvar krone betre og gav ei utbygging som vart betre motteken av både pårørande, bebuarar og tilsette.

Vågåpakka er inga gavepakke, det er eit tydeleg arbeidsverktøy for korleis vi vil arbeide dei neste fire åra slik at Vågå fortsatt blir ei trygg og levande bygd og i framtida!