Alt heng som kjent saman med alt, i rom og tid. Så sjølvsagt er dette at vi alltid gløymer det, så viktig er det at det burde styre all vår planleggjing. Det er dette ordføraren i Vågå og dei mange (lokal-)politikarane ser ut til å ha gløymt.

Men har lokalpolitikken i Vågå noko med den globale energi- og klimautviklinga å gjera?

Vi har berre ein planet, ein natur, eitt liv.

Som gutunge lærde eg at det var 3 millionar menneske i landet vårt, knapt 3 milliardar på Jorda. Det er lengje sia, nå er vi fleire enn 8 milliardar som skal dele på land og ressursar. 8 milliardar som kvar har eitt liv, 8 milliardar som skal få barn og barnebarn, med same rett til å dele det som er att etter oss.

Eg høyrer til ein generasjon som har grafsa til seg rikdom og ressursar frå eige land og frå andres.

Vi fekk aldri goder nok, aldri fjellvidder nok, aldri elektrisitet nok … Vi kalla det «arbeidsplassar» og «energi» og da hadde vi rett til å hogge skogane ned og reise vindmølleslott i alle audemarker.

For det var alltid vegar som måtte vidast ut og tunellar som måtte sprengjast for å koma fortare fram. Fabrikkar måtte førast opp for å dekkje nye behov, og byane voks inn i nye naturområde.

Det fanst ingen grenser for kva vi trong for å leva eit betre liv ………

Og all denne aktiviteten trong energi, grenselaust mykje energi. Vi grov opp forkola skogar frå fjerne årmillionar og bora oss ned til gjørmete havbotnar der tidlegare livsformer hadde vorte olje og gass.

Dette var karbon som Kloten sjølv hadde trekt ut av krinslaupet og lagra som geologiske ressursar, ofte kilometer under dagens aktive biosfære.

Vestens liberalkapitalisme byggjer på teorien om evig vekst. Derfor vart sol og vind og vatn aldri nok, vi tok i bruk dei lagra karbonreservane for å vekse raskare. I fjor førde vi over 10 milliardar tonn fossile ressursar over frå det geologiske krinslaupet og attende til det biologiske krinslaupet. 10 milliardar tonn C (karbon) reagerer med O (oksygen) og blir til 32 milliardar tonn karbondioksid (CO2- gass) som spreier seg raskt i lufthavet. Ved starten av Den industrielle revolusjonen i 1750 inneheldt 1t luft 250g CO2, nå ser eg at innhaldet har passert 420g. CO2 er ved sia av vassdamp den viktigaste drivhusgassen. Dette fører til at gjennomsnittstemperaturen på Jorda har stigi med om lag 1,1C dei siste 50 åra, dei øvste 200m av havet syner liknande utvikling.

I Det grøne skiftet har energi vorte eit knappheitsgode som styrer storindustrien til grender dei før ville leggje ned. Det er knapt fordi dei vil styrke utkantgrendene at store Krefter A/S har det så travelt med å koma i gang på Lalm at dei set i gang før søknaden er behandla i Administrasjonen. Energi er grunnsteinen i all annan økonomisk aktivitet, EU har alt nå mangel på energi til å produsere straum og varme med, og Noreg har låst 95% av gassen vår til røyrleidningar (Dag og Tid, 16/9). Produksjonsoverskotet vårt av elektrisitet vil i fylgje NVE vera fullt disponert om 2-3 år, det betyr i klårtekst at Krefter A/S må ha nye, sikre forsyningar innan 2025. Vil Vågå-ordføraren da byggje ut Sjoa eller satse på vindkraft, eller vil han overlate problemet til oss andre?

Straumprisen i dei sørlege forsyningsonene våre er som kjent lenka til gassprisen, og Krefter A/S satsar alt på å få etablert seg nord for prisgrensa synnafor Otta. Ikkje rart at ordføraren pratar om «gunstig etablering!» For kven, og kor lenge for oss som bur nord for denne grensa?

Det enorme energibehovet til slike datalagringsbedrifter er kjent og kommentert. Men så mykje energi skapar mykje varme som må brukast eller leiast bort. Dei datalagringsbedriftene eg har funne på internett ligg derfor ved sjøen og/eller har tilgang til annan vidarebruk. Det er vanskeleg å tenkje seg at det skal bli 40.000 husstandar på Lalm, så eg vil tru at Ottaelva skal få restvarmen? Kva slags økologiske konsekvensar vil dette kunne få?

Tenk dykk om, vagværar, kva slags eventyr de gjev dykk - og oss andre ut på!