Verda er stadig i endring. Men det å lære seg å lage mat frå botn av, går aldri av mota.

Bygdekvinnelag i snart 100 år har hatt fokus på tradisjonsmat, bakst og drikke.

Det har i alle desse åra vore halde kurs og møter der folk har fått ny kunnskap om matlaging, bevaring og bruk.

Berekraftig matvarekunnskap gjennom snart 100 år. Der dei yngre har lært av dei eldre, og som mellom anna har gjeve Bygdekvinnelaget plass på Unesco si liste med sin immaterielle kunnskap og som ekspertar på matkunnskap.

Vi må halde ved den tradisjonelle matlaginga, ved å minimere matsvinnet, og å handle så lokalt som råd aukar vi berekrafta i matvarekunnskapen vår.

Med kunnskap om konservering av frukt, bær og grønsaker kan vi auke lagringstida for maten. Med konservering kan vi glede oss over smaken av sommar heile året.

Kunnskap om bruk av ville vekstar og artsmangfald i naturen kan gje oss eit breiare utval av råvarer i matlaging.

I Noreg dyrkar vi fleire ulike kornslag. Korn har lang haldbarheit, og det er næringsrikt og billig. Lær deg å bake ditt eige brød. Du kan og byte ut pasta og ris med norsk bygg til middag eller i salaten.

Det er aldri bortkasta å lære å lage mat frå botn av. Utan tilsetningsstoff og vatn kan ein trylle fram heilt reine gode måltid, og har du handla kjøtt av ein lokal bonde får du og historia om kva dyret har ete.

Alt dette er med å gje oss berekraftig matvarekunnskap. Godt for miljøet, og godt for oss.