Ein plan utarbeidd av Clemens Eiendom for bruk av det området på Kulihaugen som Opplysningsvesenets Fond (OVF) står som eigar av, til bygging av omsorgsbustader, gjev grunn til nokre merknader.

I forrige kommunestyreperiode fekk kommunestyret ei sak frå administrasjonen der vi vart inviterte til å løyve kr. 550.000 til utarbeiding av reguleringsplan for Kulihaugen, både det området som Lom kommune eig og det som OVF står som eigar av.

Eg var ein av dei som stemte imot det framlegget. Mi grunngjeving for å si nei var fleire. For det fyrste så hadde vi så langt den kommunestyreperioden godkjent reguleringsplaner for til saman 43 leilegheiter i Bergomsområdet.

Nå er det varsla oppstart av reguleingsplan for eit område i Eggjalia der antal bueiningar er stipulert til litt over 10. Det er med andre ord planer for oppføring av om lag 50 bueiningar i privat regi,  sentralt i Lom.

Vidare er det slik at det rundt omkring i bygda finnes om lag 70 hus som står ubrukt det meste av året. Dei fleste av desse er fullt ut bebuelege. Da er det ein gong slik at om dei private utbyggingsplanene blir gjennomført, så har vi i fyrste omgang nok leilegheiter i Lom.

I tillegg finnes det moglegheiter i det å gå inn med tiltak for å få tatt i bruk ein del av dei som i dag står ubrukte. Slik dei står i dag er det ein utruleg dårleg ressursutnytting

Når det gjeld omsorgsbustader så kjøpte Lom kommune den såkalla Lientomta for 12-13 år sidan. I sakspapira frå den gongen står det at grunnen til kjøpet var å nytte arealet til bygging av omsorgsbustader.

Arealet på den tomta er litt over 3 da, og rett utnytta så vil ein der finne plass til så mange bueiningar som ein har behov for i overskueleg framtid av det slaget.

Området ved Lientomta er eit svært så fredeleg område, og er godt egna til det formål å bygge omsorgsbustader.

Eg meiner at området der det nå er tenkt å bygge omsorgsbustader ikkje er eigna til det formålet.

Arealet ligg tett inn til Rv 15 der det døgnet rundt passerer tunge kjøretøy, og trafikken av alle typer kjøretøy er relativt stor. I tillegg har ein støyen frå Ottadalen Mølle, som også til ein viss grad er der heile døgnet.

I tillegg til støy er det også i perioder luktplager frå denne verksemda.  Dette skriv tilsette ved Mølla sjølve i ein merknad til arbeidet med reguleringsplan for Kulihaugen.

I haust la Riksrevisjonen fram ein forvaltningsrevisjonsrapport der dei kjem med knusande kritikk av den omfattande nedbygginga av matjord her i landet. I desse dagar har kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget lagt fram si innstilling  for Stortinget når dei seinare i vår skal handsame rapporten frå Riksrevisjonen.

Komiteen er i stor grad einige med Riksrevisjonen i deira konklusjon.

Eg meiner det er eit stort paradoks at Clemens eigedom - som er eit statleg selskap – stikk i strid med både Riksrevisjon, og truleg også Stortinget, kjem til Lom og legg fram planer om nedbygging av det som er rekna for å vera av den beste matjorda vi har i bygda vår.