Då Skjåk kommune skulle byggje ny 1-10 skule i Bismo vart fjernvarme valt bort til fordel for energiforsyning via straum/grunnvarme. Til tross for dette vart det etablert eit fjernvarmeanlegg som i dag forsyner store deler av industriområdet i Bismo, samt Skjåkheimen med omsorgboligar. At industrien i Skjåk koblar seg på viser at fjernvarme er konkurransedyktig med straum. Anlegget vart starta hausten 2019, og leverer årleg omlag 3 GWt, eller tilsvarande oppvarmingsbehovet til 250-300 bustadar. Dette fører mellom anna til at all bakhon frå Skjåk Trelast AS nå blir vidareforedla til flis og brukt til oppvarming, og sagbruket sel nå fyringsflis for sjusifra beløp årleg. Før var dette eit restprodukt som i beste fall vart levert utan tap. I tillegg blir mykje av massevirket frå hogst i Skjåk nå brukt lokalt til same føremål. Ei masteroppgave bestilt av Innovasjon Norge har vist at produksjon av 1 GWt bidreg med kr. 400.000 i årleg verdiskaping (i vårt tilfelle i overkant av 1 MNOK årleg). I tillegg kjem reduserte utslepp av klimagassar ved flisfyring, redusert utslepp ved mindre transport av tømmer, samt at fleire tusen liter fossilt brensel er erstatta med treflis. I tillegg blir elektrisk kraft frigjort til annan og viktigare bruk enn oppvarming. Eit anna moment er at kommunehuset i dag blir varma opp av straum/grunnvarme. Kommunehuset er rett og slett ikkje tilrettelagt for denne type energiberar, og Skjåk kommune må difor tilleggsfyre med elektrokjel for å få bygget varmt nok. Lokal fjernvarmeleverandør har sagt seg viljuge til å levere varme til både kommunehuset og Skjåkhallen. Dette ville bidrege til nye 400.000 kr. i årleg, lokal verdiskaping, og ca. 20 fleire vogntog med massevirke ville vorte brukt til å erstatte straum, rein straum som lett kan seljast og transporterast over store avstandar. Ein del har endra seg sidan oppstarten av fjernvarmeanlegget i 2019, og fokuset på rein energi og klimagassutslepp har fått større plass. Den høgst usikre straumprisen og marknadsstyringa rundt dette er ei sak som dei fleste har fått med seg. I saksutgreiinga som formannskapet fekk på bordet var det to alternativ for energileverandør til Skjåkhallen: varme frå straum/grunnvarme eller fjernvarme frå lokal treflis. Saksutgreiinga viste at desse to alternativa har omtrent identiske livssykluskostnadar over 40 år (med utgangspunkt i straumpris frå 2021), medan klimagassberekninga viser at fjernvarme har 2,6 gonger lågare klimagassutslepp enn straum/grunnvarme! Kommuneadministrasjonen og rådgjevarar rådde difor politikarane til å gå for fjernvarme. Fleirtalet valde å sjå burt frå desse anbefalingane, tok heilomvending, og vedtok straum/grunnvarme som energiberar med 4 mot 1 stemme. Det er på sin plass å stille spørsmålsteikn ved denne prioriteringa, der passiv energileveranse med straum/grunnvarme blir vald framfor styrking og vidareutvikling av lokalt næringsliv som sikrar lokale arbeidsplassar. Ein kan lese at same formannskap i same møtet diskuterte datalagringssenter – kva med politiske vedtak om å behalde eksisterande næringsliv? Vi meiner at dersom formannskapet i Skjåk ønskjer å leggje til rette for styrking og vidareutvikling av lokal fjernvarmeleverandør, vesentleg redusere sine klimagassutslepp og bruke rein, lett transporterbar straum til andre ting enn oppvarming, bør denne saka opp til ny handsaming.