av Trond Volden, Bygdalista i Lom

Innlandet fylkeskommune har langt på veg vorte ei varsla katastrofe for distriktskommunane, da vi stadig opplev ein agenda som både inndirekte og meir konkret jobba for å forringe innovasjon og utvikling i utkantane av fylket.

Forslaget som kom før helga frå fylkeskommunedirektøren om bl.a. å legge ned Nord-Gudbrandsdal videregående skole avdeling i Lom vil vera ei skamfull handling som kjem til å ramme lokalsamfunnet hardt. Det blir eit grovt og kollektivt overgrep mot dagens og morgådagens elevar, foreldre, lærarane og mot Lom, og det er nå på høg tid at oss reise oss opp å rope STOPP, NÅ ER DET FULLKOME NOK!!!.

Nord-Gudbrandsdal videregående skole avdeling i Lom har i fleire tiår vore ein svært viktig institusjon for utdanning og samfunnsutvikling i regionen vår. Skulen har gjeve ungdomane i Lom og Ottadalen ei moglegheit til å få ei god utdanning utan å måtte reise langt heimefrå.

Nedlegginga av denne skulen vil føre til at elever dagleg må reise lange avstander, eller flytta tidleg på hybel for å få tilgang til videregående opplæring, noko som for mange vil skape unødvendig stor belastning og stress for både elever og deira familiar.

Innlandet fylkeskommune hevdar at nedlegginga av Nord-Gudbrandsdal videregående skule avdeling i Lom er nødvendig av økonomiske årsaker. Dette er ein utruleg stuttsiktig og trongsynt beslutning som viser bekymringsfullt manglende omsorg for- og kunnskap om distriktsamfunnet.

Dersom 1 elev fell ut frå videregåande opplæring kvart år frå vår region pga. lang reiseveg mellom heim og skule, vil det økonomiske reknestykket rakne berre i løpet av få år. Da forsking gjort i forbindelse med koronapandemien, viste at kvar ungdom som fell utanfor kostar samfunnet i snitt 15,9 millionar kroner.

Vi kan ikkje akseptere at Innlandet fylkeskommune øydelegger moglegheite for utdanning og utvikling i Lom og Nord-Gudbrandsdal. Vi krever at fylkeskommuna sitt politiske nivå tek til sunn fornuft i denne saka, og gjer om nedleggingsforslaget, og i staden kjem med eit forslag som jobbar for å styrke og oppretthalde Nord-Gudbrandsdal videregående skole si avdeling her i Lom. Lokalsamfunnet vårt fortjener faktisk betre behandling heil dette, og oss vil stå sammen for å kjempe imot dette meiningslause forslaget frå fylkeskommunedirektøren.

Utdanning skal vera ein prioritet, ikkje eit offer for budsjettkutt.