Grunnstoffet Karbon/kol med kjemisk teikn C er ein av dei viktigaste faktorane som bestemmer klimaet på jorda, og den einaste som vi menneske sjølve kan gjera noko med. Karbon finst i enorme mengder på planeten vår, i atmosfæren. i biosfæren og i litosfæren. Og, heldigvis er 99,99 % av alt karbonet bunde opp nettopp i litosfæren (= jordskorpa), dvs. i kalkstein og andre bergartar og i fossile lag av kol, olje og gass.

Litt forenkla kan det seiast at karbonet har to ulike krinslaup på Jorda. I det biologiske krinslaupet blir karbonet relativt raskt (skala år/tusenår) skifta mellom biosfæren, atmosfæren og havet. Frå det biologiske krinslaupet blir restar deponert på land og på havbotn og dekt til av sedimnetære avsetjingar.

Frå "Det geologiske krinslaupet" kan karbon i form av t.d. metan og CO2 lett spille over til "Det biologiske krinslaupet" frå smeltande permafrost og/eller tørris på havbotn i arktiske strøk. I dei djupare laga i jordskorpa er CO2 varig bunden som kol, olje eller gass, og i kalksteinar bunde i karbonat - og/eller silikatgitter. I fyllittar og eit par andre bergartar kan karbon opptrå i form av kolblende, grafitt eller diamant! Gjennom tidlegare periodar av Jordas historie som devon, karbon til jura/neogen har enorme mengder karbon vorte renska ut av biosfæren og deponert djupt ned i jordskorpa. Der har dei lege urøyvde i titals årmillionar, heilt til nå.

Når karbonmolekylane ( CO2, metan m.fl.) kjem ut i atmosfæren har dei ein viktig evne til å ta opp og halde att energien frå varmestrålinga frå Sola, det vi kallar ein drivhuseffekt. Mengda av drivhusgassar i atmosfæren er derfor ein av dei viktigaste faktorane som styrer temperaturane på Jorda.

Dei naturlege utsleppa av CO2 kjem frå biosfæren, frå vulkanutslepp og frå lava som trengjer opp gjennom kalksteinar og fossile avsetjingar. Co2 blir fjerna frå atmosfæren ved erosjon av blottlagde bergartar og ved at molekylet bidt seg til andre grunnstoff. Den naturlege mengden CO2 vil derfor variere over tid, og er med på å styre om Jorda går inn i ein drivhusfase eller ei ny istid.

Mengda CO2 i lufthavet blir målt i p.p.m., dvs. parts per million, og har i geologisk tid veksla frå 200 til vel 6000, eller frå O,02% til O,6%. Mengda av andre drivhusgassar som CO2, lystgass og nitrogen-oksid er mykje mindre, men verknaden kan vera enormt mykje større.

Ved å brenne skogar og stepper har menneske påvirka klimaet i meir enn ti tusen år. Dette har likevel vore minimalt i høve til dei naturlege prosessane.

Ved staten av Den Industrielle revolusjonen i England kring 1750 var nivået av CO2 i atmosfæren kring 250 p.p.m. Som ein konsekvens av brenninga av fossilt CO2 har mengda av CO2 nå passert 420 p.p.m.