av Sigurd Rønningen, Vågå

Det blir sagt om humla at ho slett ikkje er i stand til å fly. For stor kropp. For små vengjer. For høg vekt. Når humla likevel flyg, er det fordi ingen har fortalt ho at ho ikkje kan.

I fjor vart eg fortalt av alle store sportskjeder i Noreg at dei ikkje kan - eller vil - etablere sportsbutikk i Vågå. Sport1, Intersport, SportOutlet og Stadion sa alle nei fordi det tener kjedene at vi vagverer må handle sportsutstyret vårt i Lom, på Otta eller på internett. Resultatet bidreg til ei enorm handelslekkasje målt per innbyggjar i Vågå - sannsynlegvis størst i Gudbrandsdalen. Vi legg at millionar av kroner i andre bygder.

Samstundes er vesle Vågå velsigna med eit knippe sjølvstendige og særprega nisjebutikkar som i lag med flotte serverings- og overnattingstilbod har skapt nytt liv og giv i eit autentisk sentrum - til glede for både fastbuande og tilreisande. I eit Bygde-Noreg prega av butikkboksar, bruk-og-kast-kjeder og fabrikkmat er dette unikt.

I Vågå sentrum slår nok ei humle ut vengjene denne veka. Fjellkompaniet er Norges minste sportskjede. Etablert av dyktige fagfolk som både har bygd opp Sport1 sin største Flagship Store i Oslo og sin eigen sportsbutikk Fjellkompaniet i Veggeli - med 10 millionar i omsetning i ei bygd med magre 300 innbyggjarar.

Fjellkompaniet er møtt med stor velvilje og heiarop i Vågå. Nokre minner likevel om smale sportsbutikkar som tidlegare har kasta inn handkleet i bygda. Til dette er å seie at Fjellkompaniet er noko heilt anna: Ein fullsortiments sport med kjedeavtaler og breitt utval, tilpassa både bygdefolk og turistar. Folka bak er blant dei fremste i bransjen. Oppnår Fjellkompaniet Vågå same omsetning som G-sport i si tid hadde her i bygda, så flyg dei godt.

For Vågå er Fjellkompaniet ei særs verdifull etablering: Den nye butikken stadfestar den positive utviklinga i bygda og sentrum. Etableringa av Fjellkompaniet vil gje fleire kundar og auka omsetning for dei andre butikkane i Moom. Ein god sportsbutikk er for mange ein attraksjon i seg sjølv.

Å drive butikk - på bygda - under eige namn - i eit sentrum med stor handelslekkasje - i dyrtida vi er inne i - er knalltøft. Når Fjellkompaniet trass dette satsar heilhjarta på Vågå, så er det heilt unikt. Ei slik etablering kjem aldri igjen.

Så dropp netthandelen.

Kjøp sportsutstyret, fjellkledene og gåvene i eigen bygd.

Handle i andre butikkar i Moom i same slengen.

Gled deg over historisk medvind - og ei humle som kan fly.

For det gjer ho - i Vågå.