av Hans Jørgen Bøye, småskala mjølkeprodusent og leiar for Arbeidsutvalet i Tine for Lom og Skjåk

Situasjonen for Tine Lom og Skjåk

Da er eg attende etter Tine-møte på Gardermoen. Ei samling for lokalt tillitsvalde mjølkeprodusentar frå heile landet. Etter eit veldig langt møte skal eg prøve å sortere ut og strukturere det som gjeld Lom og Skjåk.

Saken

Det overordna biletet viser endra forbrukarvanar, aukande osteimport og urimeleg sponsing av Tines konkurrentar. Konsekvensen er dramatisk reduksjon i Tine sitt sal av mellom anna drikkemjølk og raudost. På berre 15 år er raudostforbruket pr nordmann redusert med 30%. Tine sit med betydeleg overkapasitet på anlegg. Tidlegare i år vart det difor varsla ein gjennomgang av Tines anleggsstruktur. Mellom anna skulle raudostysteria – og dermed også ysteriet vårt – vurderast.

I sommar framstod det som eit reelt scenario at ysteriet i Lom og Skjåk kunne bli avvikla og nedlagt. Det var ikkje lagt opp til noko som helst lokal medverknad i denne prosessen. Informasjonen rundt dette var også svært sparsam.

Men prøvar du å ta osten frå gudbrandsdølane så blir det reaksjonar.

Ikkje alle klarte å sitja rolege og sjå på at dette kunne gå gale.

Gjennom heile hausten er det mange som har jobba mykje i mange forskjellige kanalar for å berge ysteriet vårt.

Resultatet

Torsdag 19. oktober vart avgjerda til Tine offentleggjort:

Ysteriet i Lom og Skjåk skal bestå som Tines anlegg for spesialitetar, handverksost og fersk, grytekoka ost.

Det vi mistar:

•1 kg G35 flyttast til Byrkjelo/Storsteinnes

•¼ kg G35 skal flyttast til Byrkjelo – men ikkje enda.

•½ kg lett Fløytemysost flyttast til Byrkjelo.

Det vi får behalde:

•Søst, gomme og dravle.

•½ kg Bestemorost

•½ kg Geitost stølstype

•½ kg Innherred fløytemysost.

Det som blir nytt:

Gudbrandsdalsost kokt i Lom og Skjåk vil ikkje lenger bli blanda saman med G35 produsert på andre anlegg.

Osten frå her vil få eige namn og emballasje. Det blir ein fersk, grytekoka ost. Den vil bli definert som eit premiumprodukt, og marknadsført som den originale Gudbrandsdalsosten. Det skal prøvast ut ein enklare og raskare distribusjon slik at den unike, gode smaken av fersk ost skal nå ut til kundane.

Tine erkjenner at det er forbetringpotensial på sal av marknadsføring av raudost. Dei er også klar over at vi har eit veldig bra anlegg i Lom og Skjåk.

For den nye osten vil er det lagt opp til at både produksjon, marknadsføring og sal skal skje i samarbeid med lokale krefter.

Foreløpig er det ingen som tør talfeste volumet som skal produserast i Lom og Skjåk. Oss må nok dessverre forvente at totalvolum og sysselsetjing vil bli mindre enn nå.

Leiinga i Tine seier at dette er ikkje ein nedtrappingsplan – det er ein langtidsplan for Lom og Skjåk. Om det slår til vil framtida vise.

Mi vurdering av situasjonen pr. 20.10.2023:

1. Dette er ikkje ein full siger.

2. Med tanke på det scenarioet mange såg for seg i sommar vil eg likevel påstå at dette er ein halv siger.

3.Ein halv siger er dårlegare enn full siger, men veldig mykje betre enn ingen siger.

4. Det er verst for dei som kan risikere å miste jobben.

5. Vi må lukkast med den nye osten.

6. Som for alle andre verdiproduserande bedrifter må det vera avsetning for produkta. Det må jobbast aktivt ut mot marknaden. Det er ikkje lett å lukkast i konkurransen.

7. Skal ysteriet bestå på lang sikt må kundane kjøpe produkta. Vi kan alle bidra i marknadsføringa av ost frå Lom og Skjåk. Raudost er eit fenomenalt produkt som kan brukast til langt meir enn pålegg.

Til slutt

Frå eit reint teknisk perspektiv kunne Tine ha lagt ned Lom og Skjåk fullt og heilt. Det er nok kapasitet på andre anlegg. Det hadde også vore det mest lønsame. Når Tine likevel vel å oppretthalde i alle fall delar av produksjonen kan vi velja å sjå på det som ei tillitserklæring eller ei utfordring. Eller båe delar.

Resultatet av Tines utgreiing og vedtak er ikkje det beste vi kunne ynskje oss.Om ansette mistar jobben kan vi ikkje juble for dette.Men det kunne ha gått langt verre.

Ein stor takk til alle som har kjempa for å behalde ysteriet i Lom og Skjåk.

Engasjementet, lidenskapen og entusiasmen for raudost i Gudbrandsdalen blir lagt merke til.